5. april 2018

Erkna

Padlelysten er på veg attende. Det er framleis påske og fredningstida på Erkna nærmar seg med stormskritt. Gode meldingar i sikte og avtale med Lene om at dette er innafor, om vi får med oss nokre til. Sola skin frå blå himmel ute og eg tek ein sjekk av meldingane for morgondagen kl.15.30. Lovnad om strålande sol og bortimot vindstille. Realitetsjekk ut stoveglaset kl.20.30 og snøen lavar ned! Javel? Ny sjekk av yr.no med lovnad om at sola faktisk SKAL skine neste dag, og ikkje alt for mykje vind. Rett nok litt meir enn tidligare meldt, men framleis innafor. Realitetssjekk ut soveromsvindauge om morgonen og snøen fortsett med å lave ned. Jaha...? Det skal roe seg med snø litt utover dagen, så vi utset avreise eit par timar. Og jaudå- det lysnar i horisonten, men i byen snør det fortsatt........

Eg må tilstå at eg er litt skeptisk på veg ut til Blimsanden på Vigra. Padling vert det nok, men Erkna? Ikkje akkurat optimalt for ein heller rusten padlekropp med diverse vondtar. Bølgene slår kraftig inn mot stranda når vi kjem, og eg veit at den dryge timen det tek utover  i røff sjø vil utfordre både sjøsjuke og alboge.


Samling i bånn og rådslagning på stranda før vi avgjer. Sjekking av yr (sjøl om tilliten er sterkt svekka) seier at snøbygene berre skal gå på indre og vinden skal gi seg i løpet av kort tid. Dessutan er vi 4 stykk med kvart vårt kompass på kajakken og alle har vore ute ein vinterdag før. Jason meiner sjøen er roligare lengre utpå, Lene er klar for Erkna, Odin vil berre padle og eg er skeptisk. Med underteikna si rett til å legge ned veto om heilomvending kor tid som helst på overfarten, går vi for Erkna.


Og turen? Heilt fantastisk! Røff sjø-jadda- men eg greide meg fint sjøl om rusten, og taping av alboge fingerte fint. Romanyen og eg krangla ikkje ein einaste gong, og etter å ha padla greenlanderen eit års tid er ikkje bølger noko å bekymre seg for når Romanyen er med. Og for ein gongs skuld hadde yr rett denne dagen- sola skein opp, vinden stilna og havet la seg flatt (nesten då) på veg innover att.


Takk for fantastisk flott tur!




Blimsanden litt mer kvit en vanleg.....


Erkna- fin på både langt og nært hald.


Utsikten frå fyret er upåklageleg. Runde lengst ute


 Jaudå. Kosar oss i sola!



Fint vær i retning aust. Byger i nordvest. Dei passerte oss heldigvis med god margin.


Vel tilbake på Blimsanden att.

4 kommentarer:

  1. Utvilsomt misunnelsesverdig. Veldig flott at det gikk bra også, da blir det vel flere oppdateringer her om ikke for lenge. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja d var d då........albogen protesterer no kjenner eg....

      Slett
  2. Å nei, jeg trodde det gikk helt fint!

    SvarSlett
  3. Ai ai! Blimsanden med snø. Så fotogent! Ser ut som dere hadde en storartet tur:)

    SvarSlett