19. april 2018

Runde. Som ikkje overraskande kjem frå norrønt og tyder rund (hrund). Vår i emning. Fuglane hekkar og sauene nyter sola. Det heile er så utruleg vakkert. Så lenge det varer. Fuglebestanden er i sterk tilbakegang, og det er rapportert inn at mykje av reirmaterialet rett og slett er av plast....

Så ta deg ein tur og nyt det fantastiske dyrelivet her ute. Mens du enno kan.














17. april 2018

Vårleg på Grasøyane

Eg er i siget, det er vår og gode meldingar. Fyr nr. 3 på kort tid. Fredningstida på Grasøyane er rettt rundt hjørnet- det er no eller i slutten av august. Mildrid, Lene, Odin og eg legg ut frå småbåthamna på Flø. Det er mildt i været og lukta av sjø er uimotståeleg slik den berre er på denne tida.

Vi legg kursen mot holmane sør for Grasøya for å sjekke ut selkolonien der. Dei var i fåtal og litt skaptiske- men vi såg dei. Det held. Pause ved fyret. Lene har nøkkel og vi får omvisning i både i voktarbustad og i sjølve fyret. Dei siste åra har det vorte lagt ned mykje arbeid i å sette i stand voktarbustaden, og fin har den blitt! Synd så få får sjå. Fyra er ei viktig del av historia vår, men når ingen lengre bur her tek forfallet fort over slike stader. Då er det bra at nokre av dei vert behandla fint.

Sola varmar. Lene byr på kake og jordbær. Vinden som er meldt kjem ikkje. Livet er i grunn heilt OK akkurat no, akkurat her. Fløyelshav på vegen heim. Alt er akkurat så fint at eg tenkjer det er på tide å komme seg i vatnet att når vi er tilbake i havna. Kjenne på kor kaldt kald sjø kjennest. Wet-wxit vart til rulleforsøk og wet-exit. Kaldt, men kroppen hugsar visst. Avslutta med eigenredning- fekk til det og! Godt å kjenner at eg er i siget att! Trur eg.........











5. april 2018

Erkna

Padlelysten er på veg attende. Det er framleis påske og fredningstida på Erkna nærmar seg med stormskritt. Gode meldingar i sikte og avtale med Lene om at dette er innafor, om vi får med oss nokre til. Sola skin frå blå himmel ute og eg tek ein sjekk av meldingane for morgondagen kl.15.30. Lovnad om strålande sol og bortimot vindstille. Realitetsjekk ut stoveglaset kl.20.30 og snøen lavar ned! Javel? Ny sjekk av yr.no med lovnad om at sola faktisk SKAL skine neste dag, og ikkje alt for mykje vind. Rett nok litt meir enn tidligare meldt, men framleis innafor. Realitetssjekk ut soveromsvindauge om morgonen og snøen fortsett med å lave ned. Jaha...? Det skal roe seg med snø litt utover dagen, så vi utset avreise eit par timar. Og jaudå- det lysnar i horisonten, men i byen snør det fortsatt........

Eg må tilstå at eg er litt skeptisk på veg ut til Blimsanden på Vigra. Padling vert det nok, men Erkna? Ikkje akkurat optimalt for ein heller rusten padlekropp med diverse vondtar. Bølgene slår kraftig inn mot stranda når vi kjem, og eg veit at den dryge timen det tek utover  i røff sjø vil utfordre både sjøsjuke og alboge.


Samling i bånn og rådslagning på stranda før vi avgjer. Sjekking av yr (sjøl om tilliten er sterkt svekka) seier at snøbygene berre skal gå på indre og vinden skal gi seg i løpet av kort tid. Dessutan er vi 4 stykk med kvart vårt kompass på kajakken og alle har vore ute ein vinterdag før. Jason meiner sjøen er roligare lengre utpå, Lene er klar for Erkna, Odin vil berre padle og eg er skeptisk. Med underteikna si rett til å legge ned veto om heilomvending kor tid som helst på overfarten, går vi for Erkna.


Og turen? Heilt fantastisk! Røff sjø-jadda- men eg greide meg fint sjøl om rusten, og taping av alboge fingerte fint. Romanyen og eg krangla ikkje ein einaste gong, og etter å ha padla greenlanderen eit års tid er ikkje bølger noko å bekymre seg for når Romanyen er med. Og for ein gongs skuld hadde yr rett denne dagen- sola skein opp, vinden stilna og havet la seg flatt (nesten då) på veg innover att.


Takk for fantastisk flott tur!




Blimsanden litt mer kvit en vanleg.....


Erkna- fin på både langt og nært hald.


Utsikten frå fyret er upåklageleg. Runde lengst ute


 Jaudå. Kosar oss i sola!



Fint vær i retning aust. Byger i nordvest. Dei passerte oss heldigvis med god margin.


Vel tilbake på Blimsanden att.