GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

2. januar 2018

Godt Nytt År!

Livet er ikkje for amatørar vert det sagt. Eg kan skrive under på den. Etter at 2016 av ulike grunnar vart eit heller labert turår, kjente eg sevja stige att ut på våren i 2017. Men eg var ikkje før tilbake i kajakken før menisken i høgre kne rauk så det sang. Eg frykta lenge for at rulleakademiet på Stokkøya skulle utgå. Men takka være ein utruleg flink fysioterapeut, hundrevis av knebøy og etterkvart rolege turar kunne eg glad og fornøgd pakke ungar, kajakk og spetakkel og dra til Stokkøya likevel.

Ei ulykke kjem sjeldan åleine. To timar ut i rulleakademiet fekk eg smerter i albogen og måtte gi meg på det. Ut på kvelden hovna heile arma opp og resten av veka vart det landligge. Slitasje på brusk og forkalkning vart påvist i etterkant. Og som om ikkje det var nok har ryggen og slått seg vrang i løpet av hausten- truleg som ei følge av historia med kneet.

Men når det er juleferie og tidenes snøforhald i skianlegga rundt om- då kan ein ikkje la seg stoppe av slikt. To fine turar med Lene i bakkane på Overøye fekk krune det ellers så miserable turåret i 2017. Kneet holdt, ryggen tolte det og albogen vart ikkje nemneverdig tatt i bruk. Eg får la det stå som eit fin avslutning på 2017, med betre håp for året som kjem.


Godt Nytt Turår 2018!










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar