GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

11. juli 2017

Mellom bygene: Flåvær

Det nærmar seg ferie, og tur til Hoddevika med kajakk, born og spetakkel har vore plotta på kalenderen lenge. Men været er ustadig. Det skiftar mellom Ok til regn i uante mengder. Når onsdagen kjem gir vi opp prosjektet. Det vert husarbeid med opning for ei padleøkt om været tilét det.

Laurdag og fortsatt regn og grått. Mildrid er gira på padling uansett, og yr melder om lettare vær ut over dagen. Lite vind = moglegheit for Flåvær. Eg er med! Vi startar på Jensholmen ved godt mot. Yr ser ut til å halde ord og med opplett i syningom glir vi utover på stille vatn. Vi rundar Herøya og Flåvær kjem til syne, like lekker som alltid. Og om ikkje sola skin, så er det i allefall opplett.

Eg kjenner at gleda ved havpadling så smått kjem sigande att. Padlemuskulaturen er langt i frå på plass, men turen går lettare enn forventa. Pause ved fyret- åffcårse, med utsikt til Stadt. Ikkje lange biten over (ca 25 km), men eit av dei mest vérutsette stykka langs kysten. Praten går og før vi veit ordet av det har det gått eit par timar. Kjekt! Tilbake vert vi velsigna med vind i ryggen og medsjø, så sjølv om armane har vorten lange går det rimelig greitt.

Fin tur var det i allefall, i særdeles godt selskap! Og trua på havpadling har langt på veg komme attende!







4 kommentarer:

  1. Kjekk tur! Fantastisk natur og og godt selskap👍😊

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja d var d! Berre å slenge seg med fleire gongar ☺️!

      Slett
  2. Flott at du kom deg på havet igjen. :) Ser ut for å ha vært en fin tur. Gråvær her også nå. :(

    SvarSlett
    Svar
    1. Jupp! Då e vi i gang igjen (vonar eg)

      Slett