GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

23. januar 2016

Tempelet/Vardan (963 moh)

Finn.no er eit skattekammer for slike som meg, og jaggu har eg ikkje klart å finne eit par flett nye Åsnes Nansen ski til ein billig penge. Rett nok befinn dei seg i Trondheim, men eg har då kontakter som er innom byen av og til, og før eg visste ordet av det stod dei klare til avhenting på Sunndalsøra.  Som eg likevel frekventerer med jamne mellomrom. Avtale om henting av ski kombinert med tur vart etablert, nye bindingar og utstyr vart pakka og så var det klart for helg på Øra, som dei lokale seier. 

Litt sein start på laurdagen til den heilt lange turen fordi eg først måtte innom sportsbutikken å få montert bindingar på, så vi såg oss ut ein enkel tur. Med utgangspunkt i skianlegget på Børset, tok vi trekket opp og sikta oss inn på Tempelet. Passe langt og oppkjøyrt trase. På med fellar and off we go.

Skia verkar akkurat så gode som eg har blitt tipsa om. Og ettersom kondisen er betre i år enn i fjor på same tid, er det ikkje så værst i motbakkane heller. Det eg derimot ikkje hadde tenkt på var å plastre hælen før vi for, så opp den siste bakken kjende eg på gnagsår. Urutinert og unødvendig! Det var surt og kaldt oppe ved Tempelet så vi knipsa nokke få bilder og for ned att til skianlegget for å lunsje. Finfin plass å sitte medan folk hylte forbi nedover.

I løpet av dagen har pudder gått over til kram snø, og når skiferdigheitene er slik dei er-det er trass alt sesongens første tur-går det smått med meg nedover. Skia er det ingen ting å seie på jaffal, dei svingar som berre det. Her er det berre ein ting som skal til og det er trening. Men det skal ikkje stå på utstyret!












17. januar 2016

Dekktrekking i Åmdalen (Ørsta)

Therese er over middels ivrig etter å fare på tur. Og over middels ivrig etter å halde seg i form. Og der har ho eit triks ho deler villig vekk: nemleg å trekke dekk. Du veit- slik som Børge Ousland og Tjukken & Lillemor held på med når dei ligg i trening for å krysse Grønland. Effektivt, men tungt både fysisk og mentalt (Altså- trekke dekk? Seriøst??) Eg har lenge unngått å havne i ein slik situasjon (trekke dekk altså)- eg bur tross alt i by der slikt ikkje er vanleg tidsfordriv, og har komme meg unna med å bære sekk med vekt i staden. Ikkje at det er så vanleg å drasse rundt på ein 85 l sekk heller, men sekk er liksom eit meir vanleg syn enn dekk i byen uansett.

Anyway- Therese har funne ut at det er kjekkare å være litt sosial når ein først er ute og luftar dekket sitt og inviterte nokre venner til felles innsats i Åmdalen. Eg skulle få låne både dekk og sele og kven kan seie nei til eit slikt tilbod? 25 km løype og stigning på 500 m. Akkurat ja.... Etter ein lengre diskusjon med meg sjølv konkluderte eg med at eg kanskje kunne klare halve runden, som løypa gav rom for. Under sterk tvil. Så då satt eg der då. På ferga. Grytidleg ein søndags morgon, og tenkte at....nei eg trur eg held det for meg sjølv..., medan vanlege folk satt heime og åt frukost.

Dei første 4 km gjekk greitt. Eg pusta dei andre i nakken. Så vart det meir stigning og dermed vart forskjel i kondis meir påtakeleg. Etter to tredjedeler var hjernefunksjonen min sterkt redusert. Eg klarte berre å fokusere på å sette ein fot framfor den andre. Steg for steg. Siste bakken opp eksisterte eg berre. Eg var tom. Fullstendig tom. Det er då der er godt å bli møtt av eit jubel frå dei allereide framkomne, bål som Anders hadde mekka, sitteunderlag og kaffi på kok. Fy fader for ein gjeng! Etter litt båling og foring takka eg for meg medan dei andre gjekk same ruta attende til start. Om eg vert med neste gong? Jaudå. Må berre få restituert meg først.

Litt begrensa kor artig det er å sjå baksida av nokon som dreg dekk kilometer etter kilometer, men eg berre måtte dokumentere turen med bilde for eiga del. Bålbileta er det Anders som har teke- eg var rett og slett for slien til å knipse meir.




Takk for laget- sjåast om litt!



Sliten, men nøgd med eiga innsats