GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

27. august 2016

Stokkøya 2016

"Eg he tenkt å melde meg på Qajaqteffet på Stokkøya- dokke vert vel med"? Mildrid spør mens ho sender Kristin og meg eit utfordrande blikk. Eit slikt blikk det berre er eitt svar på. Av ulike grunnar har eg ikkje rulla i år, eg har knapt nok vore ute på sjøen, men gud kor deilig det det kunne ha vore å komme seg vekk og få nokre dagar utan å måtte tenke på andre enn meg sjølv! Men ikkje på nokke vilkår- what so ever- skal eg delta i NM, proklamerer eg bestemt.

Sommaren og våren går utan at det vert nokre nevneverdig meir rulling sjøl om eg er påmeld rulleakademiet. Eg har null ambisjonar om å lære meg nye ruller. Planen er å 1) å komme seg til Stokkøya, 2) kose meg i lag med hyggelige folk og evt. 3) ta ei rulle på kvar side kvar dag. Om eg orkar det. Skikkelg ressurssløsing mao, både med tanke på privatøkonomien min og tida dei innleigde instruktørane kunne ha nytta på meir motiverte elevar.

Første dag på Akademiet og eg melder meg på Anders (Thygesen) si gruppe for padleteknikk med grønlandsåre. Eg orkar ikkje tanken på å ligge opp ned i vatnet, endå mindre å radbrekke meg i eit forsøk på å få til spineroll. Så då går eg for støttetak, svingteknikk og framdriftsteknikk i staden. Ingen dum idè, for her fekk eg meg nokre aha-opplevingar. Etterpå var det å øve seg på å flyte. I korte trekk var det i grunn det eg gjorde dei to dagane på Akademiet. Eg berre låg og flaut medan eg prøvde å få kontakt med kajakken, hoftene og meg sjølv. Meditasjon. Nye, trivelige bekjentskap. Dyktige instruktørar. Eg kjenner kreftene kjem sigande. Etterkvart tok eg nokre ruller og. Det kjem seg!

Fredagskveld og foredrag. Vin i glaset. Saligheita senkar seg. Eirin er ivrig og brått er eg påmeld til NM. Eg kryssar av for dei rullene eg kan, dei eg har kunna og den eine eg meiner eg burde kunne få til på ein god dag. Sjøl om eg aldri har prøvd. Men om eg berre skulle få til ei standardrulle på kvar side, vert eg i grunn fornøgd med det og. Resultat: eg fekk til det meste eg kryssa av for, inkludert den eg trudde eg burde kunne få til på ein god dag. 51 poeng og ei tredobling i forhold til dei 17 eg fekk i 2014. Juhuu!

Eigentleg burde eg ikkje skrive så mykje om dette kajakktreffet på Stokkøya. Kor kjekt det er å treffe likesinna, kule, herlege folk, eit laidback opplegg som senker stressnivået og passar meg midt i blinken, kajakkbyggekonkurranse, fortreffelig middag på Strandbaren, fantastiske instruktørar (eg meiner det- verkeleg!), morgenyoga osv osv- for eg vil eigentleg berre ha alt for meg sjølv. Men det er nokke om å ikkje berre være egoist heller.

Det varierer litt frå år til år kven instruktørane er, men dei er alltid blandt dei aller beste i verda (nei, eg tullar ikkje). I år var det Anders Thygesen, Annie Heergaard, Dubside og Maligiaq Padilla som drilla oss. Fantastisk flinke, hyggelige, dedikerte, pedagogiske......eg kan ikkje få rost dei nok. Dei er i stand til å få ein stein til å flyte! Neste år vert det altså nye moglegheiter for deg og å slenge deg med, takket være Trondheim Kajakk Klubb og nokre ildsjeler der. Men eg berre seier det- ligg unna teltplassen min!


PS! Sjekk ut dei flotte bilde til Lars Verket frå treffet. Dei finn du her.













Resultater i NM i Grønlandsrulling 2016
Junior
1 Åsmund W. Thygesen 197.5
2 Sofie Fyksen Sommernes 183.0
3 Maria Midtsand 172.0
4 Iris Fyksen Sommernes 96.0
Kvinner
1 Mildrid Flø 164.5
2 Ingebjørg Kaldjord Svalebjørg 150.0
3 Anne R. Rygh 145.0
4 Pia Lise Selnes 136.0
5 Eirin Malmo 104.0
6 Astrid Bjørnli 95.0
7 Sygni Johansen Aarseth 51.0
8 Grete Nergaard 13.0
9 Maret Krannich 6.0

Herrer
1 Jon David Jenssen 339.0
2 Stig Nygård 161.0
3 Per-Erling Movik 148.5
4 Roger Raknes 142.5
5 Vidar Sørum 135.5
6 Morten Eilertsen 131.5
7 Øystein Paulsen 105.0
8 Tore Gliddi Larsen 89.0
9 Wolfgang Born 86.0
10 Henrik Silferhielm 69.0
11 Nico Vertriest 52.0
12 Thor Ove Carlsen 42.0
13 Wolfgang Wagenbach 41.0
14 Håvard Ramsfjell 27.0
15 Bernt Marius Johnsen 20.5
16 Bård Hofstad 11.0
17 Arnt Ove Roald 8.0

2 kommentarer:

  1. Fornøyelig lesing, og jeg skjønner nok en gang at dere har hatt en super tur. Får ser om jeg ikke kan få lært meg ei vanlig rulle snart, så kanskje jeg har noe å gjøre på en slikt treff. Tiden vil vise. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Qajaqtreffet på Stokkøya har tilbud for alle nivå. Også for de som ikke kan rulle fra før. Men da kan du det når du reiser igjen. Kanskje.....

      Slett