GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

26. juni 2016

Midtsommardagane i Norddal

Det er Midtssommardagar i Norddal, og eg er blitt spurt om å være med på å halde kajakkaktivitet for born i lag med Liv Marit. Og det vil eg. Men det er først på laurdag. Fredag startar eg helga oppe på Paktarstova og konsert med Valkyrien (All Stars). Det regnar, men god musikk og lokalt øl (Tonga- kan anbefalast) kompenserte i stort monn. Litt lite publisitet om konserten i forkant så det vart ein eksklusiv konsert for dei få fremmøtte.

Laurdag vart det nokre kjekke timar på sjøen i lag med blide og spente ungar, medan det var liv og røre i nausta med sal av diverse lokalt tilvirka. Men det fekk eg ikkje med meg. Etterpå stakk eg meg litt vek og tok nokre ruller for meg sjølv. Ikkje bra, men eg kom meg stort sett rundt. Lenge sidan eg har rulla med Romanyen no, og det straffar seg.

Søndag for vi opp i Herdalen. Og det er jo alltid kjekt. Kanskje vert det ein tur på Heregga med tid og stunder og, om forma kjem seg. Vi får sjå!











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar