GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

26. mars 2016

Sula på langs

Therese meiner det er på tide med ein bootcamp att, og ettersom eg likevel hadde tenkt meg på telttur på Sula i løpet av Påska, vart bootcampen lagt der. Linda fekk og ordna seg fri, så då vart vi i allefall tre stykk. Og det er jo ein fin gjeng. Været er ikkje heilt på vår side. Det er meldt vind og regn utover kvelden, og sett i frå byen ser det heller ikkje ut til å være så mykje snø att. Men vi er ved godt mot. Tur er tur, og det er stor sett alltid kjekt. Litt bæring av ski i byrjinga toler vi og resten tek vi som det kjem.

Det pissregnar når vi legg avgarde seint på ettermiddagen. Så går det over til snø når vi får litt høgde. Når vi er oppe ved Rollonhytta tek det til å skymest, det bles og snøbygene kjem og går. Linda øver seg uansett på å orientere i skodde og mørke, så kompasskurs vert teken ut sånn i tilfellet. Halvvegs mellom Rollonhytta og Vardane kjem skodda sigande med tett snødrev, og mørkret er totalt. Men Linda og Therese har full kontroll på kursen og etter nitidig studering av kart og litt virring med haudelykt finn vi jaggu meg Vardane og! På med klede og ein neve høgoktan i skrotten før vi skal nedover og vidare utover mot enden av Sula.


Som på bestilling lettar skodda og vi kan skimte fullmånen mellom skylaget som sprekk opp lite granne. Det er veldig mykje lettare å finne ein høveleg veg nedover i ukjent lende med sikt, enn utan sikt! Og om fellane klabba på veg oppover er det no blitt kaldare og føret er heilt perfekt. At ein sliten skrott får påfyll av å svinge seg nedover i månskinnet på silkeføre er i allefall sikkert! Blodsmaken i munnen og gnagsår på veg oppover er gløymt, og vert bytta ut med ski- og turglede nattestid.

Framme ved Langerabben er det på tide å slå leir. Therese har med seg eit Bergans Helium Dome ho vil teste ut-eit kuppeltelt med to inngangar. Lekkert ser det i allefall ut i måneskinnet. Og det er faktisk plass til tre stykk. Eine inngangen har etter min smak litt lite fortelt når det snør eller regnar, men heilt greitt ellers. Stor høgde inne, og slikt kan eg like!


Vi må opp i sjutida for at Linda skal rekke attende på jobb tidsnok. Og vaknar til den mest fantastike utsikta du kan tenke deg. Her ser vi nesten 360 grader rundt- frå ytterst ute i havgapet vestover mot Runde, innover Vartdalsfjorden og fjella i Ørsta sørover, Storfjorden med fjella i Sykkylven og Hjørundfjordfjella aust og nordover.

Tenk å vakne til dette!


Heimover er det påskestemning. Sol, kvite vidder og silkeføre. Vi finn ein fabelaktig nedkjøyring frå Vardana mot Rollonhytta, men låra er sure og vil iikkje heilt samarbeide. Når vi kjem til Rollonhytta er det slutt på morroa. Vegen opp er opptrakka av folk utan ski på beina og det er uråd å styre. Vi forsøker oss på terrengkjøyring eit stykke, men eg gir opp og siste biten vert til fots. Så etter rollonhytta og ned att tok eg ikkje nokre bilder, rett og slett fordi eg vart litt sur.


Påskestemning!


Sulavardane. Ganske forblåst.


18 kilos sekk, ca ei mil ut til Langerabben og 750 høgdemetre kjendes faktisk heilt greitt. Låra vart sure, men det er jo berre ei treningssak og det er kjekt å kjenne at forma kjem seg. Som turmål er Sula berre heilt fantastisk! Det er kyst, innland, fjell og vidde på ein gong. Og ikkje minst- kortreist. Planar om telttur med ungane til sommaren er allereide i emning. Så det er berre å glede seg!

Takk for flott tur, Therese og Linda- det vert vel fleire.....?!


2 kommentarer: