GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

14. februar 2016

Sulavardane (776 moh)

Yr melder finevær og eg er gira på tur. Gjerne ein fin, men lett topptur i Sunnmørsalpane. Eg spør meg rundt, men anten skal dei på jobb, har andre planar eller er sjuke. Ikkje er eg gira på å gå tur i ukjent lende aleine heller, so what to do? I det eg er i ferd med å skrinlegge heile toppturen tikkar det inn ei melding frå Kenneth- bli med på Sulavardane? Oh yes! Invitasjonen kunne ikkje vore meir beleilig!

Eg ser bort på Sulavardane frå stoveglaset kvar dag, men har enno ikkje vore der på vinteren. På avstand ser Sula rimelig kjedelig ut og slår meg ikkje som noko topptureldorado. Men så feil kan ein ta. Vi startar på Eikrem og følg vegen oppover mot Rollonhytta. Eg var her på bar bark i jula, ein flott tur det og, men no når det heile er dekt med snø ser eg kor vakkert her eigentleg er. Furuskog, åpne glenner og mjuke, runde fjellformasjonar slik eg er vand med heimefrå. Føret lovar godt. Fin og fast såle i botn, pudder oppå. Vi tar det jamt og roleg, pausar litt ved Rollonhytta før vegen vidare fortsett i åpent lende og skog går over til å verte fjell.

Vi er ikkje komme langt før utsikta vert formidabel. Vi ser nesten heile Sunnmøre! Alpine toppar, hav, snø og påskesteming- kan det bli betre? Mot Rundehornet vert det litt brattare, men vi tek det roleg så det går greitt. I siste slakke bakken mot Sulavardane tek vinden godt tak, og oppe med varden kjennes lufta som kvasse nålestikk. Fort av med fellene, på med skia og nett att.

Når eg no først skal teste randoneeski for aller fyrste gong kunne eg nesten ikkje fått det meir optimalt. Litt fokksnø øverst, men ellers finfine forhald, passe bratt og kyndig selskap. Kenneth tipsar og eg konsar. Huhei kor det går! Men gud hjelpe meg kor det svir i låra. Eg må stoppe både tidt og ofte, men heldigvis er Kenneth av den tolmodige typen og eg kjem meg heilberga ned att.

Sula har fått seg ei stjerne etter denne turen. Kort veg heimefrå, overkommeleg både bratt og langt, og ikkje minst ein formidabel utsikt kor du enn måtte snu deg. Her kjem eg heilt klart attende- eg må berre trene litt meir i bakke først.....

Takk for turen Kenneth- eg vert gjerne med på fleire :)



Flott furuskog oppover mot Rollonhytta

Rollonhytta tv, og Kenneth med Sunnmørsalpane i bakgrunnen th

Mot Rundehornet

Mot nord og Ellingsøyfjorden tv, vestover og padleparadis th

High as a Kite (?)- nokon tek snarvegen oppover tv, og teambilde th

Padleparadis er lekkert også sett frå denne vinkelen.
Godøya midt i bildet med Vigra i bakgrunnen, Giske tv og Erkna lengst ute og tv.
Bak og til høgre for varden: Lepsøya, Haramsøya, Skuløya.

Greie toppturar i fleng nordover tv, og pause på veg nedatt ved Taustuhytta th.

2 kommentarer:

  1. Ahhhh! Såg herleg ut! Høyres ut som kongeføre. Savnar dåkke! :)

    SvarSlett