GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

23. januar 2016

Tempelet/Vardan (963 moh)

Finn.no er eit skattekammer for slike som meg, og jaggu har eg ikkje klart å finne eit par flett nye Åsnes Nansen ski til ein billig penge. Rett nok befinn dei seg i Trondheim, men eg har då kontakter som er innom byen av og til, og før eg visste ordet av det stod dei klare til avhenting på Sunndalsøra.  Som eg likevel frekventerer med jamne mellomrom. Avtale om henting av ski kombinert med tur vart etablert, nye bindingar og utstyr vart pakka og så var det klart for helg på Øra, som dei lokale seier. 

Litt sein start på laurdagen til den heilt lange turen fordi eg først måtte innom sportsbutikken å få montert bindingar på, så vi såg oss ut ein enkel tur. Med utgangspunkt i skianlegget på Børset, tok vi trekket opp og sikta oss inn på Tempelet. Passe langt og oppkjøyrt trase. På med fellar and off we go.

Skia verkar akkurat så gode som eg har blitt tipsa om. Og ettersom kondisen er betre i år enn i fjor på same tid, er det ikkje så værst i motbakkane heller. Det eg derimot ikkje hadde tenkt på var å plastre hælen før vi for, så opp den siste bakken kjende eg på gnagsår. Urutinert og unødvendig! Det var surt og kaldt oppe ved Tempelet så vi knipsa nokke få bilder og for ned att til skianlegget for å lunsje. Finfin plass å sitte medan folk hylte forbi nedover.

I løpet av dagen har pudder gått over til kram snø, og når skiferdigheitene er slik dei er-det er trass alt sesongens første tur-går det smått med meg nedover. Skia er det ingen ting å seie på jaffal, dei svingar som berre det. Her er det berre ein ting som skal til og det er trening. Men det skal ikkje stå på utstyret!












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar