GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

27. januar 2015

Grøndalen, Volda

Lene er gira på topptur og vintertelting, men har ikkje tid til planlegging. Eg er gira på vintertelting, men toppptur OG vintertelting? Mildrid er og skeptisk. I såfall må det bli ein lågterskeltur. Therese foreslår Grøndalen og Sunndalsnipa, den er så lett så.

Om eg er spent på konseptet vintertelting/topptur vert eg ikkje mindre spent på veg innover fjellheimen i min overfylte, bittelille Polo med piggfrie vinterdekk. Men eg kjem opp alle bakkane, parkerer i snøfonna og kan puste litt lettare ut. Vi pakkar pulk og legg i veg innover til setra i mørkret. Det er 30 cm nysnø og det snør endå meir. Eg tenkjer mitt om morgondagen i djup laussnø, og trøster meg med at det i allefall vert god trening. Oppsetting av telt går fort og effektivt. Vi byrjar å få dreisen på det- også på vinteren!! Så er det besøk og smalltalk i naboteltet før eg kapitulerer og tar kvelden. Medan det fortsett med å snø. Små, lette dryss på teltduken. Og så eit svisj når det rasar ned. Eg må ha øyrepluggar fordi det SNØR- eg trudde ikkje det var mogeleg!

Opp i gryotta og klar for avgang i det sola kastar sine første stråler på fjella. Therese ledar an. Ho har starta sitt eige firma, Vestferd, og held på med guiding til fjells og til sjøs, underviser i pilates, og veit kva ho driv med. Vi byttest om å trakke spor oppover. Det er tungt, men vi jobbar oss i roleg tempo til vi er over skogrensa. Skredsendar vert testa, kompasskurs teken ut, hellingar i småhenga vert målt og skredfaren vurdert undervegs. Slike turar vert nytta til maks læring. Så kjem det varsla veromslaget og vi seier oss nøgde og bestemmer oss for å fare nedover att.

Til mi store overrasking viser deg seg at eg har DEI feite pudderfjølene. Eg flyt oppå og skyt fart som berre det, men trur du eg veit korleis ein bremser i laussnø då? Nix! Eg fér med hjartet i halsen nedover gjennom bjørkeskogen og tryner for kvar 200 meter og brukar nesten opp kreftene på å grave meg laus att. Laussnøkjøyring er IKKJE det same som bakkakjøyring og er herved ført opp på timeplanen!

Turen er over, vi pakkar ned leiren og tuslar oss heimatt. Det vart ingen topptur, men ein topp tur fordiom. Litt betre vær, litt mindre nysnø, og litt lengre dagar så klarer vi (andre) det (og). Fjellet ligg no der og ventar. Så neste gong........

Takk til Therese, Mildrid og Lene for ein flott og lærerik tur!






16. januar 2015

#Nattinaturen

Friluftslivets år 2015. Offisiel markering på en helt vanlig tisdag og oppfordring om å ligge i telt. Som sagt så gjort. Lene er med til tross for sprengt timeplan og elendige værmeldinger. Det snør og blåser ute på Vigra, men som alltid er vi knallgode på å finne teltplass i le for vinden.

Når man telter midt i uka må det behørig dokumenteres. Vi springer rundt med kamera og knipser i vei. Det er klin umulig å se noe som helst gjennom søkeren, og det er heller tvilsomt om det blir skarpe bilder. Men skitt au. Før leggetid hashtagges det og kringkastes til hele verden. Litt teit og litt kult på samme tid. Belønningen kommer dagen derpå når kollegene på jobb måper imponert over stuntet....

Jadda. Så har vi gjort det og. Knallfin åpning av både friluftslivets år og prosjekt telting 2015. Nå er det ikke mulig å skylde på for få ledige helger lengre- det er jo bare å ta midtuka til hjelp :)





Hilleberg Kaitum 3GT. Med to innganger og stort fortelt. God plass til to 
voksne og grei plass til en voksen og to små. Lett å sette opp og jeg bare 
eeeeelsker de litt kraftige bardunene!