GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

23. september 2015

Time Out

Mykje jobb og anna spetakkel har no resultert i at det har blitt alt for lite leik på Alnes i år. Og surfepremiere på Alnes vart for meg så seint som 10.september. Kor eg hadde sakna dette! Tilbake til lange dagar på jobb satt eg og spekulerte på korleis eg kunne klare å klemme ei surfeøkt inn mellom tidsfristane. To sjeler- ein tanke. Melding om kanonforhald på Alnes tikka inn frå Lene. På tide med ein Time Out- arbeidsoppgåvene forsvinn ikkje og hus og heim får klare seg sjølv - no er det berre å prioritere dei viktige tinga her i livet!

Oppmøte kl. 17.00 på Alnes. Gutane kan ikkje så vi må klare oss sjølve. Og det er vi faktisk fullt i stand til. Sjølv om det har blitt lite surfing i år kjenner eg at eg blitt merkbart tryggare. Eg klarer å styre surfen betre, tør meir, og finst ikkje redd for å gå rundt. Eg klarer til og med nesten å rulle meg opp att på vranga. Litt vanskelig å fange surfen, men vi får nokre fine kvar. I ein og ein halv time har vi bølgene for oss sjølve, det held. Då er vi passe sliten og vel fornøgde begge to. Og vi konkluderer med at surfing på Alnes gjer godt for eit slitent kontorhaude.

Erfaringsmessig vert bileta eg tar frå slike surfeøkter heller dårleg. Og kvifor ta bilete når ein i staden kan ha det kjekt? Så denne gongen vart det berre nokre få.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar