GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

28. desember 2015

Rekognoseringstur til Kråkøya

Mildrid og eg er sånn passe lei av den vanlege teltplassen vi tyr til når vi skal på 24-timars husmortur, og er i grunn på jakt etter (minst) ein nye stad å telte. Vi var innom Kråkøya tidligare i år på veg rundt Leinøya, og då kom tanken om at dette nok kunne være ein potensiell teltplass på godvèrsdagar. Dessutan har det nettop vore storm, og det er lenge sidan eg har kjent på bølgene ute i Storhavet, så da hadde vi brått minst to gode grunnar til å stile utover. Torkjell hang seg på også-det er jo trass alt kjekt med forandring.

Været og lyset er fantastisk. Etter månader med grå himmel var det kanon å oppleve blå himmel, vinterpastellar og ikkje minst: vindstille. Vi legg utover. Dønningane er berre sånn passelig store, mein dei tek seg opp lenger ute. Og går over i stor skvalpesjø når vi nærmar oss Kråkøya. Kjekt og uvant- dette er alt for lenge sidan eg har gjort. Eg har lyst å utfordre meg litt, men kjenner at det ikkje er dagen i dag. Eg må venje meg att til desse bølgene, og få gjort noko med den forbannede høgrefoten som dormar av og gjer balansen min dårligare.


På Kråkøya tek vi oss ein rekognoseringstur, finn nokre potensielle teltplassar før eg tek meg ein velfortent dukkert i berre nettoen. Kaldt? Jau, men ikkje så mykje som frykta. Så er det nasen heimover att via Vattøya der vi leikar oss litt attmed svaberga- dvs det var vel Mildrid som var ivrigast her. Lyset er akk så vakkert i det vi nærmar oss Ulsteinvik i vinterdrakt, men ikkje mogeleg å fange med kamera. Kanskje årets siste padletur, men det vert vonleg fleire kjekke padleturar i 2016!

Takk for turen!





Nokken vel å behalde kleda på (Mildrid), mens andre insisterer på å bade (ego)...



Tøffa (Mildrid) tv, pingla (ego) th. Bilde: Torkjell






4 kommentarer:

  1. Så flotte bilder, det tredje der var så flott at det hadde egnet seg som forstørrelse på lerret. Nydelige blåtoner og paddeflatt hav. Flott blogg, har lagt meg til som følger :) Ønsker deg en riktig godt nyttår, må 2016 bli ett flott padleår!

    SvarSlett
  2. Takk takk :) Nå har bildene en tendens til å slette bølger- særlig sånne fine, blanke, runde dønninger. Men de var der ;) Godt nytt år til deg og!

    SvarSlett
  3. Fotdovning i kajakk er en uting. Noe av det ekleste jeg har opplevd i kajakk egentlig. Fine bilder. Godt nytt padleår!

    SvarSlett
    Svar
    1. Fotdovningen i kajakk er også årsak til at jeg holdt på å ødelegge meg helt ved ilandstigning en gang. Heldigvis ødela jeg bare kneet.... :p Godt nytt padleår til deg og.

      Slett