GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

19. desember 2015

Motvindspadling i Ulsteinvik

Synne er på besøk i området og eg og Mildrid fann ut at då må vi nesten ut og helse på. 13-14 ms er meldt og det bør vi kunne takle. Ut frå vindretning og tryggleik vert Litlesandvika på Dimna valgt. Så lenge vi held oss inne i vågen kan lite gå gale. I værste fall vert det langt å gå attende til bilane, men det toler vi.

Litt lenge sidan eg har vore ute i vind kjenner eg. Og endå lenger sidan eg har padla med både bølger og vindrosser inn frå sida samstundes. Bølgene var no ikkje allverda. Men vindkasta kom så brått og var uråd å forberede seg på. Så det gjekk som det måtte. Eg kolva. Ufrivillig. For første gong på gudane må vete kor lenge sida. Eg skjønte ikkje heilt kor det gjekk til ein gong før eg såg på bileta etterpå. Men om du ser på bileta skjønar du det.

Padlevottar med ullvottar inni når du har eit lånt spruttrekk som sitt so inni hampen fast er heller ingen høydare under slike forhald. Eg komla med å finne hempa, og eg måtte sleppe åra for å kunne bruke både hender til å løyse ut, men eg vart ikkje stressa fordiom. I ettertid har eg tenkt at det er jaggu bra vi har øvd mykje på rulling og bading i kaldt vatn, for når du heng der opp ned i kaldt vatn og ikkje kjem ut med ein gong, skal eg love deg det er fort gjort å få panikk. Anyway- vi fekk teste kammeratreding under realistiske forhald, og det gjekk no greitt. Dei var nok litt engstelige dei som stå på land og såg oss, men det er berre å slappe av folkens- dette klarer vi!

Etter ein times tid utpå var eg passe lei, og då var det faktisk kjekt å kunne avslutte med litt surf inn mot stranda. Potensiell bra leikeplass det her når det er mykje vind! Bra trening for rygg, mage, leggar og kondis. Og ikkje minst er det godt å få kjenne på korleis kraftig vind oppleves på kroppen i fall det skulle komme uforvarande til nytte ein dag. Den kraftigaste vinden som vart registrert på målestasjonen i Ørsta i tidsrommet vi var ute var på 15,2-15,7 ms, og målestasjonen på Vigra 14,7-17,1 ms. Så einkvann plass rundt der var det nok i dei kraftigaste rossene.

Avslutningsvis måtte vi ta ein desemberdukkert in the nude mens haglskuren gjekk, men dei bileta får du ikkje sjå ;)












3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Såg sykt kaldt ut oppned med Mysse. Knalltøffe damer på nordvestlandet:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bortsett fra at skyggen kollapsa i vinden hele tiden (holder en knapp på hjelm og hette under sånne forhold), imponerte den undet vann faktisk. Håret fra ørene og opp var vaktisk tørt, så den tåler helt klart mye regn også vil jeg tro. Men ser aldeles noldus ut på...

      Slett