GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

5. september 2015

Smoge (Synnylvsfjorden), 274 moh

På jobb er det viktig å ha det sosialt, og samstundes kanskje og være litt aktiv. Difor har vi eit tiltak som kallast for Trim & Trall. Eigentleg eit heilt genialt konsept, men det har vel vore ein tendens til at det har vore lite trim og mest trall. Men denne gongen skulle vi få til begge deler. John har dei rette kontaktane, og årets Trim & Trall tur skulle gå til Smoge i Synnylvsfjorden. Til Smoge kjem seg ein ikkje heilt utan vidare, og første delen gjekk frå Eidsdal der Lars Kjell stilte med båt, moreller og forfriskningar. Nydelig!

Når ein først er i Synnylvsfjorden og filmen "Bølgen" snart har premiere, er det jo høgaktuelt å kikke på Åkerneset i samme rennet først. Fjellpartiet alle ekspertar er samde om før eller sidan kjem til å rase ut i fjorden og skape ein kjempetsunami- dei veit berre ikkje når. (Sunnmørsposten har forøvrig laga ein utruleg bra nettartikkel om farlege fjell, blant anna Åkerneset, som er verdt å lese. Den finn du her ) Frå båten fekk vi sjå heile fjellpartiet som er i ferd med å losne- ikkje småtterier! Og i dette området ligg altså garden Me-Åk(er)nes, som vi skulle opp og kikke på. Inga buldring i fjellsida i dag så det er nok trygt. Garden ligg rundt 100 meter opp frå sjøen, og husa er plassert tett innunder ein fjellhammar og ligg så trygt som råd er i det rasfarlege terrenget. Husa er små og det er ikkje mykje å livberge seg av her oppe. Likevel har det budd 12-14 mennesker her samstundes, dei har hatt kyr, sau og dyrka korn.  I 1958 vart garden fraflytta, men om garden er aldri så ven å sjå til kan eg godt forstå dei. Meir om Me-Åkneset finn du her.

Så er det klart for å klyve opp til Smoge. Baggasjen slepp vi heldigvis å bære opp sjølve for her er det løypestreng, som seg hør og bør ein ekte Vestlandsgard. Om kondisen likevel får kjøyrd seg, er belønninga ei formidabel utsikt når vi er vel framme. For eit skue! Og betre skal det bli. Lars Kjell diskar opp med indre- og ytrefilet av hjort og tilbehør som er hjorten verdig, fortel om historia til garden, at gardshuset opprinneleg var handelshus på Stranda som vart demontert og satt opp att på Smoge i 1942 (trur eg), at dei og var lokalt postkontor ei tid og mykje anna som eg ikkje klarer å gjenfortelle. I allefall- god, mett og vel nøgd med dagen måtte eg til slutt kapitulere for behovet for kvile. I morgon er og ein dag.

Om eg synes det er gildt å vakne i eit telt på ein holme langt ute i havgapet, er det ikkje så værst å vakne på ei fjellhylle heller og sjå Hurtigruta gli forbi nedunder. Og når det vert servert ein over middels solid frukos i lag med endå meir historie er livet godt. Men vi skal vidare, forbi Vonheim, utover til Smogeli og over mot Rønneberg på Eidsdalssida. Vi tek farvel med Lars Kjell når vi er ved Smogeli og den fantastisk traktering vi fekk på Smoge, og begynn på klyvinga. Det er bratt, men vi tek det jamt. Pausar og kokar kaffi oppe ved eit vatn i Smogedalen. Nokre plukkar molter til å ta med heim, eg plukkar rett i munnen. Kjekt å vere på tur i lag! Vi fortsett over Smogereset og ned mot Rønneberg. Den siste biten er seig, men så er eventyret brått over. 24 timar med mykje inntrykk, flott natur, ein heil del trim og litt trall. Akkurat slik det skal være. Måtte neste tur bli like bra!

















1 kommentar:

  1. Flotte bilder som formidler turen. Verdt slitet, ser det ut for. :)

    SvarSlett