GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

27. august 2015

Kystkultursamling 2015

Det har vore travelt med aktivitetar på heimebane så i år hadde eg i grunn ikkje planar om å delta på samlinga. Men så var det slik at Herøy Kajakk Klubb vart i beit for ein turleiar søndag, og med særs gode meldingar på yr.no fekk eg løyve til å forlate heimen. Eg rakk så vidt å få med meg kvalkjøttgryte (nydeleg som alltid), før litt sosialt, telting og kvelden. Yr leverte denne gongen og søndag vakna eg til sol og varme. Vert det heitt i dag mon tru? Etter litt rådslaging med dei andre aktivitetsleiarane og meg sjølv gjekk eg for tørrdrakt og HMS. Det er noko med å gjere sjølv det ein fortel at andre skal gjere, dessutan fekk eg jo høve til å vise fram den nye tørrdrakta mi.

Håvard Hatløy som driv Herøy Kystmuseum tok oss med på ein kulturell runde rundt Herøya, der han fortalte om gamle spor etter tidligare tiders aktiviteter knytta til sjø og hav. Mogeleg kloster, avrettingsstader godt synleg frå leia, stadnamn og andre spennende saker. Etter to timar proppfull av histore var turen slutt, haudet fullt og eg kokheit inni tørrdrakta. Men Flåvær låg og lokka der ute i havgapet med lovnad om ein svalande bris, og eg ville på meir tur. Etter litt overtydingsarbeide fekk eg til slutt med meg Torkjell. Det får vere godt nok- and off we go. Vel framme ved fyret omdefinerte vi turen frå å være ein Kystkultursamlingstur (puh!)  til å være ein rein kompistur. Så då kunne eg pakke tørrdrakta ned, og kle på meg T-skjorte og shorts og like vel gå god for HMS`en. Herleg! Kortkort stopp, litt mat og heimatt i ein svalande motvind. Då var Kystkultursamlinga over for min del, og heime ventar ungar og spetakkel. Jaudå. Det er utruleg kva ein rekk å få med seg på 24 timar. Eg byrjar å verte god på akkurat det.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar