GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

5. juli 2015

Rulleverkstad

Tid for rulleverkstad med Mildrid att. Lenge sidan eg har trent på ruller i det heile, og endå lenger sidan eg har gjort det i sjøen. Skrotten har stivna foran PC`n på jobb, og sjøen er etter årstida enno kald. Eg legg lista lågt og veit innerst inne sånn ca kor landet ligg....

Ikkje noko uventa nei. Standardrulla er OK på både sider, men bilete avslører litt høg alboge på ikkjerullesida. Static brace OK på begge sider. Shotgunrulla går greitt på både sider og er nok den rulla eg likar aller best. Butterflyrulla er så lenge sidan eg har prøvd på at eg nesten ikkje hugsar korleis ho skal gjerast, men etter litt fommel går ho greitt på både sider den og. Armkrokrulla likar eg ikkje- er så håplaust stiv i skrotten, men fekk ho til slutt til på godsida. På vranga er ho framleis vrang. Liten opptur var det i dag likevel: norrsaqrulla gjekk rimeleg greitt på både sider- mykje lettare i saltvatn enn i basseng. Handrulla gadd eg ikkje prøve i dag, men kanhende neste gong. Og stormrulla er eit stykke opp og fram......

Konklusjon: ikkje så allerværst med tanke på kor lenge det er sidan sist rulleøkt, og yoga må på timeplanen att.









3 kommentarer:

  1. Kule bilder . bra økt det der! :)

    SvarSlett
  2. Fin farge på sjøen. Hvordan kjennes det å padle med svømmebriller?

    SvarSlett
    Svar
    1. Padling med briller går heller dårlig. Rulling derimot.....

      Slett