GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

11. mai 2015

Mikrotur til Eika

Det er ikkje alltid turen treng å være så lang for å være god. Therese og eg padla nokre hundre meter bort til ei vik på Eika, tende bål (ikkje lett med lite og våt ved pluss regn.....), og for utpå att for å øve på eigen- og kammeratredning. Lenge sidan sist no, og det gikk ikkje nett så fort som det burde. Men det gjekk. Om eg ville klart meg i litt bølger er heller tvilsamt, så her må det øvast frammover. Men mairulla- den satt som eit skot!

Therese måtte avgarde i bursdagskalas og for innover att, men eg hadde ikkje vidare lyst heim riktig enno. Eg fortsette med bålfyring ei stund før eg la utpå att, og tok ein liten kikk i nokre andre viker før heimturen. 5 timar i frisk luft og 11,5 km med padling. Utruleg kor virrepadling kastar av seg i kilometer. Jadda. Fin tur i godt selskap- både med og utan padlekompisen :)







1 kommentar:

  1. Kort tur er (definitivt, som regel) bedre enn ingen tur. (y)

    SvarSlett