GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

26. november 2014

Vinternatt ved Snipsøyrvatnet

Mildrid ville teste ut det nye soveposekonseptet sitt og eg ville teste ut minsta på telttur. Så om vi plussar på eit par ungar til pluss han Jon Oli vert dt nok ein trivelig tur. Det er kaldt- på Hareid ligg rimet tjukt på bakken. Mon tru om minsta og Mildrid kjem til å sove godt i natt? Vi tuslar oss nokre hundre meter frå parkeringa og slår opp leiren. Eg må nok øve meg enda nokre gongen med nyteltet, men det kjem seg. Ungane leikar, bålet er tend og stjernehimmelen lyser over oss. Pølsegrilling og bålkos. Men minsta er trøtt og vil sove og vi andre følger etter.

I løpet av natta vekker ho meg 3-4 gonger, snakkar i søvne og gret- sikkert mareritt. Og Jon Oli ligg i naboteltet 20 meter unna og durar avgarde- Mildrid søv sikkert ikkje ho heller. Det er so eg må flire. Eg sovnar til slutt ut på morgonkvisten og vaknar etter nokre timar til gråver og duskregn. Minsta huskar ingen ting frå natta og påstår ho har sove godt. Det påstår Jon Oli og at han har. Mildrid og eg ser på kvarandre og knekk saman i latter. Visst er det kjekt med ungar (og mann) på tur, men om målet var å få slappe av er det nok best å fare aleine!

Men målet for denne turen var jo ikkje å slappe av. Soveposen til Mildrid fungerte aldeles utmerkt og minsta mi klarte seg finfint på telttur. Neste gong går det nok lettare. Kjekk tur, men det var faktisk godt å komme heim og slappe av litt etterpå.....







Note to self:
-To ungar med på telttur er dobbelt så 
mykje arbeid som ein. Minst.
-Dobbel sovepose fungerar kanskje på vaksne,
men ikkje på ein uroleg 8-åring
-Sjekk alltid batteria i lommelykta 
før du dreg
- Å ta mål av seg å fotografere med 
ungar på slep er fånyttes

2 kommentarer:

  1. Ha ha ha! Kort rapport, men fortalte veldig mye. ;) Herlig, og dere er SÅ flinke til å komme dere ut!

    SvarSlett
  2. Hehe:) men en knall fin erfaring uansett tenker jeg:)) Ha ei fin og sprek førjulstid:))

    SvarSlett