GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

18. november 2014

Runde rundt

Det er november, heilt stille og temperaturen er mot normalt. Eg har aldri padla rundt Runde før, og ikkje har eg besøkt øya på denne tida av året heller. Med dein dramatisk natur som overgår det meste byr Runde på spektakulære padleopplevingar. Og når det er så stille på sjøen som i dag er det mogleg å utforske pinaklane og grottene vi finn på vegen. Det er noko heilt spesielt å få lov til å sjå opp på fuglefjellet, ta inn målestokken og dramatikken i landskapet. Nede på havet og inn mot dei steile og opprevne klippene kjenner eg meg liten og sårbar. Litt meir sjø og vind og det kan brått verte farleg.

Vi snirklar oss rundt kvar ein stein og inn i kvar ein krok. Ligg så tett oppunder berget som eg tør i dei snille forhalda. Det er stilt på sjøen i dag og det er stilt i fuglefjellet. Fuglane er ute i havet for å ete seg opp til neste års hekkesesong. Eg er heldig som får oppleve alt dette. Samstundes kjenner eg meg vemodig. I fleire år på rad har reproduksjonen av fuglane gått ned. Fortsett utviklinga er det berre eit spørsmål om tid før det vert stilt heile året på Runde. 

Vi pausar ute ved fyret før vi fortsett på runden. Sjøl om nok vestsida er den mest spektakulære er det ting å sjå på andre sida og. Blåtimen kjem i det vi nærmar oss slutten og sola sender sine siste, gyldne stråler ned på havet. Ein nysgjerrig sel sjekkar oss opp- eg har aldri vore så nær før!

Men det er altså november og turen er ikkje over før novemberrulla er i boks. Sola har takka for seg, og gradestokken kryp nedover. Eg er ikkje akkurat kledd for ein dukkert, maske og hette ligg utilgjengelig i kajakken, litt sliten etter turen og det er i ferd med å skymest. Skal skal ikkje......skal! Brrrr- kaldt, men ikkje så kaldt som eg frykta. Ein flott tur er over, men eg kjem snart attende- heilt klart!




















Her er ein liten filmsnutt som Aftenposten har laga om tilhøva på Runde



4 kommentarer:

  1. Fantastisk natur på Runde! Fine bilete :-)

    SvarSlett
  2. Jau takk for det! Naturen der er magisk! Kanskje du kunne ta deg ei helg her oppe hos oss?

    SvarSlett
  3. Tøffe og fine bilder. Men nå har Lene avslørt i sin blogg hvor tidlig dere starter på tur, så… Hvis jeg kommer en dag så får jeg heller nå dere igjen etterhvert… Morrafugler.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du kommer neppe på vinteren.....? På sommeren derimot er utelyset på så lenge at d går å drøye avreise t langt ut på dag- helt til ettermiddagen faktisk. Men nå blir det mørkt kl. 16-ish og så langt ute i havet er d greitt med litt dagslysmarginer så vi har tid til å somle litt ;)

      Slett