GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

16. oktober 2014

Oktoberrulletrening!

Greenlandere har lagt i opplag sidan Stokkøya- på tide å plukke han fram att! Lene og eg avtalar rulling på Giske, men eg kjenner at eit aldri så lite migreneanfall er på veg...... What to do? Lysten er større enn forstanden, så eg tenkjer at frisk luft gjer susen og fær avgårde likevel. Sol og fint- det er nesten alltid sommar på Giske. Ikkje i vatnet kjenner eg- temperaturen har falle adskillig sidan sist rulle, men vi er førebudd med ull, fleece, hette, maske (i allefall eg)  og spetakkel. Eg startar med å gå gjennom dei rullene eg kan i rett rekkefølge slik det er i konkurranse. Kjenner at eg er stiv som ein stokk, magemuskulaturen har tapt seg og vesten er i veien. Eg får ikkje til armkrokrulla på vrangsida, men ellers går det overraskande greitt. Ikkje heilt på nivå med i sommar, men ikkje så verst likevel. Eg avsluttar med ei vanleg rulle utan maske- eg hatar det, men ettersom eg jo ikkje driv og surfar med maske til vanleg er det jo noko med å venje seg til ein real skylling av biholene.....

Konklusjon etter dagens økt:Ikkje så aller værst, men bøy og tøymå prioriterast!

PS! Lene har laga seg rulledagbok- ingen dum ide!






3 kommentarer:

  1. Flotte bilder og jeg er litt misunnelig på det klare vannet dere har ;ø)

    SvarSlett
  2. Fine bilde og kjekk økt!! :)

    SvarSlett