GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

9. oktober 2014

Godøya rundt. Nesten

Dagane vert merkbart kortare og no er det siste sjanse til å få seg ein tur etter jobb. Av fleire alternativer landa vi på å Godøya rundt. Veret er bra og det er greie vindmeldingar for Alnes med 4/5 m/s, men på Vigra melder yr.no friske 6-9 m/s med aukning opp mot 11 seint på kvelden. Frå søraust. Ikkje den mest optimale vindretninga når du vel å padle så langt ute som det er mogeleg. Etter ein reality check med dei faktiske forhalda legg vi meldingane for Vigra til grunn og legg plan A, B og C. Vi startar i småbåthavna på Alnes og padlar austover slik at vi får vinden i mot først. Vert vi slitne returnerer vi berre. Fortsett vi kan vi stort sett gå i land kor som helst, traske oss tilbake til bilveg og ringe etter taxi.

Vi gyv laus på motvinden. Det går rimelig greitt og vi rundar Furkenholmen ved godt mot. No kjem både vind og bølger frå sida og med grønlandsåre kjenner eg meg ikkje heilt trygg. Men det kjem seg og med litt balansekunstar er vi ved Høgstein fyr. Vi har ikkje meir enn tida og vegen med tanke på dagslyset så vi droppar planen om ein ilandstigning. Og surfar oss utover på sørsida i staden. Kjekt å ha både sjøen og vinden på si side.





Mat. Vi må ha mat før vi tek siste etappe tilbake på vestsida mot Alnes. Og dopause. Av erfaring veit vi at det ikkje er lett å stige i land på yttersida heilt utan vidare om ein må. Fullt mogeleg, men det vert neppe tørrskodd. Og vi har no ein times padling att. Som sagt så gjort. Vi er effektive både med det eine og andre, og sig utpå igjen i nydeleg kveldslys. Med vind i frå søraust burde vi ligge litt i le siste biten og eg ser for meg reine sjarmøretappen innover att. Men den gong ei. I det vi stikk nasen utom vika får vi vinden midt i fleisen. Og det berre aukar på. Når vi rundar Lesten har eg nesten ikkje framdrift. Eg tenkjer at om eg sluttar å padle no fær eg like til unaiten, stressar litt og sluttar å tenkje logisk. F@en i h..vete.....Eg kjenner at eg ikkje har så mykje meire krefter å gi. Lene ser og forstår, og klipsar seg innpå. Fær vi til havs no gjer vi det i lag, og det er utruleg kva slikt gjer med psyken. No er det teamwork og vi går for seier! Vi konsar om eit og eit padletak, meter for meter. Inn i mellom snur vi oss og ser på den mest fantastiske solnedgangen ever. Men vi kan ikkje stoppe opp no for å ta bilete, her må det jobbast for harde livet heile tida.





Fyret på Alnes- livlina til mang ein sjøfarar- kjem nærare og nærare. Sola har takka for seg, det skymest og fullmånen viser seg bakom fjellet. Alt slitet er gløymt for eit sekund eller to, heilt til vi kjem på at vi må forbi surfesona. Med grønlandsåre.......Heldigvis er surfesona kort i kveld og ikkje er bølgene allverden heller, men det er flo og då må vi passe oss for steinane. Hmmmm........Bølgene og vinden kjem frå kvar sin kant og bryt i hop så vassfauken står. Det er uråd å sjå kor store dei eigentleg er. Hmmm.....Det kjem eit sett med store bølger og når dei har dundra i frå seg hiv vi oss rundt og siktar mot land. Her er det om å gjere å ikkje få surf. Og jaggu meg klarer vi det! Aldri har eg hatt ei så nervepirrande ilandstiging før, og haldri har eg vore så glad for all surfetreninga eg har hatt på nettop denne stranda. Og det er lenge sidan eg har vore så sliten etter ein tur. Men nøgd! Du verden for ein tur. Ein av dei mest innhaldsrike så langt når det gjeld padleutfordringar. Smila våre går heilt rundt. Vi debriefar og går gjennom vala vi tok. Worst case hadde vore å snu ved Lesten, gå i land der vi allereide visste det gjekk og ta beina fatt. Ikkje noko dramatikk i det. Utruleg kjekt å erfare på ordentleg, at vi tek val trygt innafor det som er forsvarleg og løyser utfordringane under vegs, basert på erfaring, ferdigheiter og øving i trygge omgjevnader- samstundes som vi tøyer eigne grenser. Hurra for gode padlekompisar- eg berre seier det!

Takk for ein særdeles innhaldsrik tur Lene- eg gler meg til neste :)



5 kommentarer:

  1. Kongetur! Og oppsummeringa di i dei siste setningane er knakande god.

    SvarSlett
    Svar
    1. ...og takk for ein fanastisk tur nok ein gong!

      Slett
  2. Steike som dere padler for tiden. Er det så at ikke dere heller stresser med oktoberrulla? (y) Utrolig tøffe damer, liker at dere er så realitetsorientert. Dere minner meg forøvrig på at jeg må huske litt motvindstrening fra tid til annen. Den slags seighet må vedlikeholdes.

    SvarSlett
    Svar
    1. Oktober er lang enno.... ;) Ser inga grunn til å pynte på sanninga. Det vert ikkje mykje lærdom av slikt. Tvert i mot er det lett å ta seg vatn over hovudet (bokstaveleg talt) om ein ikkje stikk fingen i sanden frå tid til anna. Mestringsfølelsen skal nyttas til å auke kompetansen, ikkje til å krysse grensene for det forsvarlege på det nivå eg er no.

      Slett
  3. Oktober er lang, jeg venter til jeg har fått nydrakten så får jeg testet den samtidig, he he he. ;)

    SvarSlett