GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

20. september 2014

Surfetrøbbel på Alnes

Mykje vil ha meir. Etter forrrige fredags høydare er Lene og eg i siget- no er det surfing for alle penga. Kenneth og Jason slår følge denne gongen så no kan jentene verkeleg få vist seg fram. Litt større bølger denne gongen, ikkje mykje, men nok til at tvilen kjem snikande. Ikkje er vi åleine heller- 10 surfarar og oss 4 i kajakk jakta på den same bølga. Dessutan er det flo- og då bryt det rimelig nært dei store steinane attmed land (nokon må sjå til å få dei fjerna snart!).

Tunga rett i munnen- ikkje treffe surfarar, ikkje treffe steinane, ikkje treffe kvarandre, men helst treffe bølga på rette staden. Det dunkar vilt i brystet, men her er det berre å gje seg bølga i vold og la det stå til. Treff surfen fint, men når bølga bakom kjem fortare enn eg får snudd meg vert eg skyldt rundt. På vrangsida sjølsagt og eg gidd ikkje ein gong forsøke å rulle meg opp, sjøl om tanken faktisk slo meg. Så mykje for å vise seg fram!

Neste surf gjekk omtren likedan. Eg vert litt handlingslamma når eg er ferdig med surfen og eg i augnekroken ser neste bølge komme slik at ho vil bryte over meg der eg ligg sidelengs. Og då går ein rundt..... Eg gjer eit tappert rulleforsøk, men har ikkje nok luft og må ut igjen. Eg får i allefall vist at eg er god på å bade! Eg har rett og slett for lite kontroll med å styre surfen og time kor tid eg skal hoppe av bølga og eg manglar lungekapasitet...... Lene er heller ikkje i storslaget i dag. Vi fekk altså ikkje vist oss frå vårt beste, men det vart no ei finfin surfeøkt likevel. No er det berre om å gjere å komme seg ut i bølgene så ofte som mogeleg slik at eg vert fortruleg med dei i staden for å tenke at eg ikkje kan.

I værste fall vert eg jo berre blaut. Ikkje sant?






2 kommentarer:

  1. Så häftigt! Men jag skulle nog aldrig våga fara ut i så stora vågor :))

    SvarSlett
  2. Ikke med en gang kanskje , men man "vänjer sig" :)

    SvarSlett