GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

7. september 2014

Hessa rundt

Fredag og det er meldt vindstille heile dagen. Dette har eg venta på lenge- endeleg skal eg padle til jobben att! Eg har fått meg ny jobb sidan sist, med kontor i Brosundet og løyve av havnesjefen til å pakere kajakken på bryggene der. Meir tilrettelagt for padle-til-jobben skal du leite lenge etter.

Klokka ringer på ukristeleg tidspunkt, eg bryt meg opp i skumringa og gjer meg klar. Ikkje ein vindpust! Sola helsar meg god morgon med eit flammehav av fargar. Eg legg vegen om Langevågsholmane. Ligg og ventar på hurtigbåten frå Ålesund før eg kryssar ruta hennar, og må ligge og vente på ein lastebåt før eg kryssar over mot Hessa. Ellers er det stilt på sjøen. Ein og anna arbeidskar jobbar med eit hus innpå land. Folk vaknar til liv og bilduren tiltek.

Det er 3-4 år sidan eg tok runden rundt Hessa sist. Då var eg urøynd- eg lika meg slett ikkje i bølgene på yttersida av Hessa og eg var heilt gåen før eg var halvvegs. No går det leikande lett. Og yttersida av Hessa, der det alltid er litt sjøgang- er piece of cake.

Det er artig å komme til Ålesund via sjøvegen. Å sjå at det er aktivitet langs kaiene på Aspøya, hurtigbåten som fær mellom byen og Hareide, lastebåtar som skal hit og dit. Som bilist får ein ikkje med seg alt dette livet som er knytt til aktivitetar på sjøen. Eg stiltrar meg inn i Brosundet. "Hallo damen i kano"- kaukar ein gutunge frå kaia. Eg vinkar tilbake, og er vel fornøgd med val av transportmiddel til jobb- ei aldri så lita reise i seg sjølv.

Etter 6 timar foran dataen er det heim att. Eg vel kortaste vegen heim, og tek eit par ruller på vegen- elendige, jaudå, men eg kom meg opp. Åleine og på djupt vatn var dèt ein liten siger i seg sjølv. Tilfreds stig eg på land- no kan helga berre starte! Og i morgon er det mekking på kajakk.









1 kommentar: