GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

25. august 2014

Kystkultursamlinga i Herøy, 2014

Heldige meg skal få lov til å henge meg på Mildrid når ho skal halde teknikkurs på Kystkultursamlinga ute på Herøy Gard. Kneet har komme seg såpass at det burde gå greitt om eg er litt forsiktig. Dessutan treng Mildrid nokon som kan slepast på. Mellomste (11) skal bli med på Grunnkurs Ung etter avtale med kurshaldarane. Høyrer ho ikkje etter, tullar og fjasar, sutrar e.l bers det rett på land! Hårda bud, men ho lovar at det skal gå fint. Poloen vert igjen lasta til randen og utover ber det. Litt sliten etter fyrste arbeidsveke etter ferien, men vaknar frisk og rask campinvogna til Mildrid laurdag morgon. Vi stressar rundt, kler på oss sjølve og ungane, leitar fram utstyr kor det no var igjen, og vert litt sveitte allereide før start. Ungane vert parkert hos Mads og Eldar som skal halde ungkurs, medan Mildrid og eg samlast i lag med dei som skal ta teknikkurs.

Oppsummering og repitisjon frå grunnkurs. Vi terpar på kanting og då vert det automatisk og terping på eigen- og kammeratredning! Lurt! Vi snirklar og svinger oss langsmed land, testar ilandstiging på kronglete stader før pause i sola. Det skal blåse opp på søndagen og om vi skal få teste framdriftsteknikk og sleping over ei viss distanse bør det skje i dag. Flåvær ligg og lokkar. Sansynligheit og konsekvens vert diskutert over ein låg sko. Alle er godt kledde, det er lite vind, kammeratredninga sitt, vi kryssar leia i samla flokk der ho er smalast, og legg opp ruta slik at vi få hjelp av vinden. Midt utpå vert eg "sjuk" og treng sleping. Heile følget stoppar opp. Tobias (16) tek ansvar og held med fast. Diskusjon. Korleis funkar desse slepelinene eigentleg? Prøving og feiling. Dei fer det til etter litt tips frå Mildrid og så er slepet i gong. Eg nyttar høvet til å ta bilete, kosepratar med Tobias og har det i grunn greitt- ikkje kvardagskost å verte taua ut til Flåvær! 

I veka som var brann husa på Torvholmen ned. Eit trist syn møtte oss ute på Flåvær. Eigaren har planar om å bygge opp att slik det var, men det vil aldrig verte heilt det same. Vi tok ein kort pause på Flåværet der Tobias og familien har eit sommarhus (utruleg flott plass) medan vi nyttar høvet til å justere litt på slepelinene. For å sitere Tobias: Æ tar nu ut mine feminine sia når æ padle- æ går både i skjørt og driv med hækling. Heimatt frisknar det til med motvind og vi tester å padle i taulag. Bortsett frå Torkjell som på død og liv vil padle først, har vi andre ei grei økt. Dette er ein effektiv måte å ta ei lengre kryssing i motvind på. Vi kastar ikkje bort energi på å halde flokken samla, vi greier å halde eit jamt tempo, og forskjell i tempo/styrke vert utjamna. Vi rekk tilbake til naustet i rett tid til kvalkjøttgryte og foredag med arkitekt Roald Sporstøl om kystkultur, og stuper tidleg i seng.

Søndag og tid for ulike svingteknikkar. Trudde eg. Eg hang no med på eit vis fram til baugtak og lunsj, men måtte gje meg på det med tidenes migreneanfall i anmarsj. No er det ikkje nett krise å gå glipp av ei teknikkøkt ettersom eg reknar med det byr seg eit høve ein annan gong, men denne gjengen var ekstra kjekk å vere i lag med og ikkje lett å gå i frå. Gruppedynamikken har vore heilt eineståande og kvar og ein har bidrege positivt heile vegen. Bra jobba!!

Sjøl om ikkje alt vart som eg hadde tenkt meg, har eg hatt ei strålande helg på teknikkurs. Det er kjekt å sjå framgång hos deltakarane på ei kort helg og kjekt å bli kjend med nye potensielle padlekompisar. Eg gler meg verkeleg til å sjå dykk att på sjøen ein gong! Og mellomste- ho greide seg fint: "Veit du kva mamma? Eg får til noko du ikkje kan- hoppe rett opp i cockpiten!" Her må det mao. øvast om eg skal henge med!


















2 kommentarer:

  1. Bra du er i drift igjen tross kne-episoden. Migrene kommer dessverre sjelden beleilig. Drittgreie. Du får trøste deg med at du fikk med deg BETYDELIG mer teknikkurs enn meg, som skulle gjøre det samme i helga. Nøyaktig null kurs på meg. Så strengt tatt var du veldig heldig. ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, akkurat ja. Du vet å se d positive i ting du!

      Slett