GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

6. juli 2014

Testrulling med nykajakken

Då har eg etter mykje fundering og leiting på nett, fått meg ny kajakk. Ein Tahe Greenland. Svart og raud. Mildrid fann ein til meg på finn.no- an offer I could`nt refuse, som dei seier på nynorsk. Strengt tatt treng eg vel ikkje meir enn ein kajakk, men no har eg ein eg kan øve meg på å rulle i der eg veit eg kjem meg opp uansett. Og sparer kreftene på å få inn rett teknikk til å sitje i kroppen, og ikkje minst i haudet. Dessutan er det no kjekt å prøve seg på andre ruller enn standardrulla og då, og slikt er mykje lettare i ein grønlandsbåt......

Og jaudå: kajakken funkar både til både rulle og bortoverpadling!Eg var så ivrig etter å få kajakken på vatnet at eg ikkje hadde tid til å ta eit høveleg portrettbillete av den nyankomne, so det får verte til neste gong. På Billeta under ser han berre raud ut, men han er altså raud OG svart. Mildrid har laga ein fin, liten filmsnutt av turen som de finn på bloggen hennar.

 Lekker? Den raude er min :)

 Første rulleforsøk i nybåten. Det gjekk, men bilete er avslørande..

 Første forsøk på Shotgunrulla. Det gjekk det og!!

Går det på vranga mon tru? Å jaudå, om enn ikkje heilt smooth.

Tid for tur. Farkosten må testast på bortoverpadling og.

 Kajakkspegling vert aldri feil!



5 kommentarer:

  1. Har sett Mildreds filmsnutt oxå o kan konstatera att både du o hon är väldigt duktiga på att rolla. Kul att den nya kajaken fungerar bra för dig!
    Kajakande är livsbejakande. Håll paddeln våt!

    SvarSlett
  2. Hehe- det er rett at Mildrid er dyktig i allefall! Eg sjølv har et stykke igjen på vegen, derfor ny kajakk- som eit tillegg til den eg alt har :)

    SvarSlett
  3. Ja du kledde den nye kajakken også:)))

    SvarSlett
  4. Gratulerer så mykje med ny flott kajakk! ;-)

    SvarSlett
  5. Tænkju folkens! Det var en fryd å rulle den jaffal :)

    SvarSlett