GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

3. juli 2014

Bølgerulleforsøk

Artige saker kan ein ikkje gjere for ofte. Leik i kajakk på Alnes er ei av dei. I dag var målet å rulle i bølgene. Men først ein test i havna. Jaudå- rulla satt den, men wtf......? Eg kjende kor vatnet sildra nedetter ryggen- eg som nett har fått meg ny tørrdrakt!!!!??? Kenneth sjekkar- "hehe, du har ikkje late att glidelåsen heilt", gliser han.

På veg utover mot stranda tenkjer eg på rulla. Slikt er ikkje lurt Eg veit det, men kan ikkje la det være. Medan dei andre kastar seg ut i det ligg eg og studerer forhalda. Teller på knappane- korleis gripe an saka. Eg vel dei litt mindre bølgene lengst ute og allierer meg med Edd. Ein, to.... og rundt- NOT! Hmf.....Ein gong til, og eindå ein gong. Niks. Nedtur. Dessutan er eg kald og våt etter glidelåstabben inne i havna. "Jaja, kammeratredninga sitt no", trøystar Edd.

Det var anskjeleg å fange surf denne gongen, men vi fekk oss nokre fine surfar alle saman. Det er utruleg kjekt når det først klaffar! Etterkvart fekk vi selskap av surfarar på brett- dei hoia og lo så eg trur forhalda var bra for dei. Men ikkje heilt optimalt for oss altså.

Ein flott avslutning på ein heilt alminneleg onsdag vart det i allefall- sjølv om bølgerulla uteblei. Og som alltid på bilder- bølgene er borte :/









1 kommentar:

  1. Ni bor ju bara så vackert till! Hav och fjäll på samma gång! Hääääärliga bilder :))

    SvarSlett