GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

27. april 2014

Rulling på en lørdagskveld

Rulla har gjort seg vrang siste tida, og når Mildrid inviterte til Rulleverkstad laurdagskvelden var eg ikkje vanskjeleg å be. Dessutan har eg jo pr.def ikkje rulla inn April enno. Det tells liksom ikkje lenger med rulleforsøk- eg må få det til og.

Litt trå start, men eg kom meg rundt så vidt. Eg veit så utruleg godt kva eg gjer feil (trur eg). Hoftevrikken er ikkje alltid på plass, og då mister eg det lille eg treng av snert på slutten fordi resten av bevegelsen ver feil. Eg kjem altså opp, men ligg akkurat så mykje på kant at eg dett rundt att etter nokre sekundar.

Fokus på hofta og brått så er rulla slik ho skal vere. Gong på gong. Så er det tid for pause og ny økt før vi avsluttar. Og ikkje fakerten om det går. WTF....?? Eg fokuserer på hoftevrikken alt eg kan, men hjelp det trur du? Nope.....Sliten og lei avsluttar eg før mismotet slår rot. Fin økt var det i allefall. Med opp til fleire ruller. Gode ruller til og med.

Må berre huske godfølelsen til neste gong. Ikkje få låg sjølvtillit. Eg kan nemlig å rulle. Eg kan rulle. Eg kan f..meg rulle!! Så det så.

Kjem ho seg opp mon tru.....?


 Ikkje på dette viset jaffal....


Slik ja! Arma inntil- då går det betre!





3 kommentarer:

  1. Mykje av kunsten å rulle ligg i å ha den rette trua og innstillinga ja..Fine bilete! ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sånn ca 90 % vil eg anslå...

      Slett