GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

28. februar 2014

Vintertelting- nytt forsøk

Endeleg snø og Lene og eg er gira på å teste ut vintertelting kvar for oss. Lene har avtale med Nina, og eg har avtale med meg sjølv. Fredagen vert nytta til ein alrdri så liten rekognoseringstur og pulktesting- rett nok lett pakka. Eg såg meg ut ei myr i nærleiken av p-plassen som kunne vere høveleg. Ned att frå fjellet til litt sein middag, ettermiddagskaffi og litt oppdatering på OL-fronten, og brått var det mørkt ute. Og vinden aukar på…... Tenke, tenke….Eg er visst ikkje så tøff like vel og konluderer med at vintertelting for fyrste gong -aleine, i mørkret når det bles- er å ta seg vatn over haudet. Litt skuffa over meg sjølv, sig eg ned i godstolen i det ei melding frå Lene tikkar inn: "Nina er sjuk så om du ikkje er ferdig telta så få du gje ein lyd"! Juhuuu-her vert det vintertelting likevel og mann og born kan tørke av seg hånfliren! HA!



Vi traskar innover på ettermiddagen dagen etter med fullasta pulk. Tungt, men det går greitt. Som vanleg finn vi den beste plassen i livd for vinden og vi klarer å lage oss til ein høveleg teltplass inkludert bålplass før det vert mørkt. Eg har grudd for å fryse på vintertelting, men det gjekk og heilt greitt. Rett nok var det mildt, men å ligge på snø er no likevel kaldare enn å ligge på bar mark.



Dagen etter var snøen våt og tung- utfordrande med taudrag og pulkane velta heile tida. Slikt gidd vi ikkje bale med, parkerte dei og gjekk litt vidare innover dalen før vinden auka såpass på at det vart på tide å snu. Grått, men flott! Tur nedom Rellingsetra før heim og attende på jobb.

Flott tur og passe utfordrande til å vere førstegongstelting på vinteren. Litt meir forsking på pulkdrag/teknikk tenkjer eg- så kjem det seg. Vintertelting er ikkje like skummelt lengre og fokuset kan flyttast over på korleis verte betre! Mission accomplished!

Og korleis Lene hadde det på turen? Jau det finn du ut her













3 kommentarer:

  1. Riktigt härliga bilder och så kul att du äntligen fick komma iväg på en vintertältning! Jättefin stuga också! :D

    SvarSlett
  2. Herlig! Hadde håpet å få meg en telting i helgen men ser ut som det går i vasken. Ser ut som en fin tur selv om det var grått.

    Vi skulle ha fått til en felles teltcamp snart:) kjekt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp d skulle vi ha gjort Jill!

      Slett