GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

5. februar 2014

Bassengtrening

Rulling i sjøen er vel og bra, men no på vinterstid vert det ikkje akkurat mengdetrening av slikt. Dessutan har eg fått låne meg ein gamal Anas Acuta som eg hadde lyst å teste i basseng. Nokon har i si tid kutta av stjerten på ho og sett på ror- reine vandalismen! Men ellers er ho fin:



Overraskande nok var ho litt rom til meg, ocean cockpit til trass. Heilt grei å rulle på standardrulla, men ikkje like villig som td. ein Tahe Greenlander når eg ville til å utfordre både meg og ho. Litt skuffa der altså. Den moderne utgåva kanhende er annerleis i utforminga av sittebrønnen. I allefall- her er resultatet:

video


Gutane nyttar bassengtreninga til å teste ut litt forskjellig. Ikkje alt er egna for kven som helst sjølsagt, men dei glimrar no til med nokre svært så nyttige øvingar:


video

Litt skuffa over at eg ikkje fekk det heilt til i AA, tilbaud Edd meg å låne "Dragen"- ein dukbåt som Anders Thygesen har laga. OMG! Eg sat som klistra fast.….Eller  "Roll og die" som han sa Edd før eg rodde meg utpå- og kolva tvert. Men med denne båten kjem du deg opp att- uansett. Så då Edd freista meg ut på glattisen med "denne garanterer eg at du får til handrulla i" kunne eg ikkje late det være:

video

Kjempebra bassengtrening i godt selskap- slikt likar vi!

2 kommentarer:

  1. Grattis med 99% handrulle! Og for ei uthaldenheit! Skjønnar eg gjekk glipp av ein kjempekveld i bassenget ja.. Fin båt den AA, om noko tungrulla. :)

    SvarSlett
  2. Ja neste gang må eg få t siste prosenten!

    SvarSlett