GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

27. januar 2014

Kort rulleøkt på Giske



Januarrulling……..mååå eg? Enden på januar er nær, eg har ikkje padla enno i år, det er fint vér, men kaldt og eg har ikkje lyst. Jo forresten litt. Kjem til å irritere vettet av meg om eg ikkje gidd. Om Lene vil? Sånn passe, men vi klarer å snakkar kvarandre opp. Det er trass alt sol, og vindmeldingane er ikkje så galne?

Vel i småbathamna på Giske kjenner eg at eg kanskje av og til er litt vel optimistisk. Det er friskare utpå enn meldt, eg rakk ikkje få i meg mat, litt sliten etter helgas "vintertelting"- unnskuldingane er mange. Men Lene troppar opp like blid, og vi hiv oss ut i det. Alt kjennes feil i dag. Padleteknikken er elendig, Romanyen gjer som han vil, eg er kraflaus i armane. Eg kjempar det eg klarer, men må kaste inn handduken etter vel ein (1) km! Det vert ikkje Giske rundt i dag. Vi snur og surfar inn att i småbåthamna for å rulle.

Om alt anna kjennes feil så sitt rulla! To gonger tilogmed. Gud kor herleg!
Bevismateriale er det Lene som har- tilogmed teknologien svikta meg i dag.
Januarrulla er i boks og no ventar sofaen.

Note to self:

Ikkje alle dagar e topp dagar
Et før du skal ut på tur
Det er inga skam å snu  tide
Tur er kjekt fordiom
Vinterrulling er trass alt ikkje for pyser

4 kommentarer:

  1. Akkurat perfekt økt siste mandagen i januar! Og rullene sat som eit skot! Takk for turen :)

    SvarSlett
  2. Då fungerte i alle fall det viktigaste; rullene! ;-)

    SvarSlett
  3. Jaudå. Må innkassere dei sigrane ein trass alt får t!

    SvarSlett
  4. Dere rakk det ja. Jeg moter meg opp for februarvarianten for tiden, men heldigvis (he he) har det vært såpass med vind de to turene jeg har vært, at det har ikke passet ennå… ;)

    Fint å ha noen som pusher på vil jeg tro - jeg har bare meg selv som pusher og jeg er litt dårlig på det… Flinkere på unnskyldninger for å la være, egentlig. ;)

    SvarSlett