GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

30. desember 2014

Fjordpadling til Øye

Lite padling i desember og akutt padleabstinens, men dårlige meldinger "utafor" (havet) og lite vind, men snø "innafor" (inne i fjordane). Fjordpadling er ikke på mi topp ti liste over gilde padlemål, men når alternativet er 1) å sitte i sofaen eller 2) å padle med grisekald nordavind midt i fleisen på yttersida, er i grunn valget enkelt. Vi legger i veg mot Sæbø med kajakk på taket og vannvittig bra pudderføre rundt  omkring på alle kanter..... Det føles i grunn litt corny å ikke ta sikte på et skitrekk i dag.

Anyway- det er snø og kaldt, og det er stille. Til og med måsen holder kjeft der den samler seg i flokker på speilblank fjord. Vi tar sikte på Øye. Sansynligvis er vinterpadlere i Hjørundfjorden et sjeldent syn- skipperen på ferga vinker til oss i det den passerer, og en bil på landeveien tuter og veiver med armene i rein begeistring av å se oss. Velger jeg å tro.

Snøkledde, alpine topper over alt. Det er tross alt flott, men sol fra blå himmel hadde helt klart gjort seg.....Bål og pause på Øye før vi padler tilbake. Og så kommer snøen. Det laver ned. Stilt og fredelig. Lysene fra Sæbø blir helt borte og skumringen siger på. Vi glir stille inn mot småbåthavna på Sæbø fullstendig dekket av snø. Armene er tunge, men sjelen har fått ro. Annerledes, deilig og julemagisk. Flere bilder og mer utførlig beskrivelse av turen finner du i Lene sin blogg

Godt Nytt År!

PS! Takk til Mildrid for lån av Nodkappen











24. desember 2014

Vårherres Katedral

Julaften. Pinnekjøttet er satt på koking og det er ennå en stund til julen ringes inn. Kaldt og blå himmel. Kirke eller Alnes? Det blir Alnes- uten tvil! Alene og med tid til meg selv og lang lukkertid. Det blåser nordavind fra alle kanter. Men det er deilig å sitte her ute. Nesten mutters alene i Vårherres Katerdral. Jeg nyter fraværet av julestress, og folk også for den del. Bare vind, bølger og vakkert lys. Så er timen min over. Kald inn til beinet setter jeg meg i bilen og kjører hjem. Og kjenner jeg er heldig som har et så vakkert sted å komme til.








22. desember 2014

Adventspadling rundt Giske

Det er siste laudagskveld før jul og pepparkakebaking på gong. Lene er innom ein snarvisitt for prøvesmaking. Véret er surt med elendige meldingar i overskueleg framtid og ingen av oss har enno rulla inn desember. "Blir du med på ein runde rundt Giske i morgon og så rullar vi på slutten" dett det ut av meg før eg får tenkt meg om. "Jau, e du vert eg med" repliserer Lene. Padleavtale i boks og eg angrar meg tvert i det hagleskuren trommar mot stovevindauget, men seier ingen ting. Greenladeren vert lempa på taket før eg tek kvelden slik at eg ikkje fell for freistinga å trekke meg.

Det er mørkt, grått og trist når eg står opp, men ingen nedbør og då er det vel greitt. Første utfordring er å komme seg ned bakken frå huset med piggfrie dekk. Heldigvis gjekk det greitt. Neste er å komme seg opp i kajakken før bølgene tek meg. Det lukkast ikkje. Så etter ein heller våt start sig vi utpå.

Overraskande store dønningar og litt skvalpesjø, og i Greenlanderen med ditto åre føler eg meg ikkje heilt trygg. Eg prøver å slappe av og etter ei stund går det seg til. Båten går utruleg fint i vatnet. Når sjøen veks i det vi nærmar oss Kvalneset kjennest han like fin ut så lenge eg har fart frammover. Gangen er serdeles mjuk og han skjer seg gjennom bølgene ulikt det eg er vane med. Ikkje noko tegn til stamping, men sidan han både ligg lågt i vatnet og skjer bølgene er gangen tildels meget våt. Så lenge eg ikkje har senkekjølen nede er han grei å manøvrere og. Ikkje at det er behov for senkekjø så retningsstabil og lite vindpåverka som han er. På dagsturar kan det hende at Romanyen her har fått ein hard konkurrent......Vi må passere eit brott og sjøl om eg prøver alt eg kan å ikkje fange surfen, fyk eg brått avgarde. Denne båten fangar visst surf lett som berre det, og vert av den grunn IKKJE med til Alnes enno....(Ikkje vart eg sjøsjuk på turen heller, sjøl utan doping- er det eg som har vorten betre eller skuldast det ganglaget på båten?)

Så er vi rundt og det er dags for desemberrulla. Med muffer. Lene slit og eg slit, men vi kjem oss rundt og det er det som tel. Vi er betre enn som så og legg all skuld på muffene og mufferulle vert dermed sett opp på øvingsplanen. Rulleåret 2014 er i boks, og eg har no rulla i sjøen kvar månad sidan sommaren 2012. Eg fortsett i 2015 og, men nokre store ambisjonar utover at rulla SKAL sitte når eg treng ho på Alnes, har eg ikkje. Og då er det berre ein ting som gjeld: fortsette å øve!


God Jul!



PS! GoPro´en tok nokre kule bølgebilder og ettersom lyset ellers gjorde det håplaust å ta gode bilete, vert det fleire bølgebilete i stadenfor.







26. november 2014

Vinternatt ved Snipsøyrvatnet

Mildrid ville teste ut det nye soveposekonseptet sitt og eg ville teste ut minsta på telttur. Så om vi plussar på eit par ungar til pluss han Jon Oli vert dt nok ein trivelig tur. Det er kaldt- på Hareid ligg rimet tjukt på bakken. Mon tru om minsta og Mildrid kjem til å sove godt i natt? Vi tuslar oss nokre hundre meter frå parkeringa og slår opp leiren. Eg må nok øve meg enda nokre gongen med nyteltet, men det kjem seg. Ungane leikar, bålet er tend og stjernehimmelen lyser over oss. Pølsegrilling og bålkos. Men minsta er trøtt og vil sove og vi andre følger etter.

I løpet av natta vekker ho meg 3-4 gonger, snakkar i søvne og gret- sikkert mareritt. Og Jon Oli ligg i naboteltet 20 meter unna og durar avgarde- Mildrid søv sikkert ikkje ho heller. Det er so eg må flire. Eg sovnar til slutt ut på morgonkvisten og vaknar etter nokre timar til gråver og duskregn. Minsta huskar ingen ting frå natta og påstår ho har sove godt. Det påstår Jon Oli og at han har. Mildrid og eg ser på kvarandre og knekk saman i latter. Visst er det kjekt med ungar (og mann) på tur, men om målet var å få slappe av er det nok best å fare aleine!

Men målet for denne turen var jo ikkje å slappe av. Soveposen til Mildrid fungerte aldeles utmerkt og minsta mi klarte seg finfint på telttur. Neste gong går det nok lettare. Kjekk tur, men det var faktisk godt å komme heim og slappe av litt etterpå.....







Note to self:
-To ungar med på telttur er dobbelt så 
mykje arbeid som ein. Minst.
-Dobbel sovepose fungerar kanskje på vaksne,
men ikkje på ein uroleg 8-åring
-Sjekk alltid batteria i lommelykta 
før du dreg
- Å ta mål av seg å fotografere med 
ungar på slep er fånyttes

18. november 2014

Runde rundt

Det er november, heilt stille og temperaturen er mot normalt. Eg har aldri padla rundt Runde før, og ikkje har eg besøkt øya på denne tida av året heller. Med dein dramatisk natur som overgår det meste byr Runde på spektakulære padleopplevingar. Og når det er så stille på sjøen som i dag er det mogleg å utforske pinaklane og grottene vi finn på vegen. Det er noko heilt spesielt å få lov til å sjå opp på fuglefjellet, ta inn målestokken og dramatikken i landskapet. Nede på havet og inn mot dei steile og opprevne klippene kjenner eg meg liten og sårbar. Litt meir sjø og vind og det kan brått verte farleg.

Vi snirklar oss rundt kvar ein stein og inn i kvar ein krok. Ligg så tett oppunder berget som eg tør i dei snille forhalda. Det er stilt på sjøen i dag og det er stilt i fuglefjellet. Fuglane er ute i havet for å ete seg opp til neste års hekkesesong. Eg er heldig som får oppleve alt dette. Samstundes kjenner eg meg vemodig. I fleire år på rad har reproduksjonen av fuglane gått ned. Fortsett utviklinga er det berre eit spørsmål om tid før det vert stilt heile året på Runde. 

Vi pausar ute ved fyret før vi fortsett på runden. Sjøl om nok vestsida er den mest spektakulære er det ting å sjå på andre sida og. Blåtimen kjem i det vi nærmar oss slutten og sola sender sine siste, gyldne stråler ned på havet. Ein nysgjerrig sel sjekkar oss opp- eg har aldri vore så nær før!

Men det er altså november og turen er ikkje over før novemberrulla er i boks. Sola har takka for seg, og gradestokken kryp nedover. Eg er ikkje akkurat kledd for ein dukkert, maske og hette ligg utilgjengelig i kajakken, litt sliten etter turen og det er i ferd med å skymest. Skal skal ikkje......skal! Brrrr- kaldt, men ikkje så kaldt som eg frykta. Ein flott tur er over, men eg kjem snart attende- heilt klart!




















Her er ein liten filmsnutt som Aftenposten har laga om tilhøva på Runde