GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

10. november 2013

Rulle og klatretur til Ulsteinvik

Mellomste har nett fylt år og er den av avkommet med størst potensiale til å verte glad i turlivet. Kva er vel då ei betre gåve enn ein heil dag i lag med mor med uteliv og klatring i lag med likesinna? Så eg allierer meg med Mildrid for ei aldri så lita rulleøkt på Osnessanden tidleg ein laurdag morgon, medan kvart vårt avkom vert sett på sjølstyr med bøtter og spann og lovnad om real turmat, kakao og klatring etterpå.

Med ymse rulleresultat frå tidligare i sommar i bakhaudet, gjer eg meg klar. Eg tek eit djupt andedrag, går rundt- og skvett opp att som ein kork! What? Ein gong til leikande lett. Kunstpause for å få att temperaturen i pannebrasken og eit par til. Det går så det griner. Eg jublar i det sola bryt igjennom og lagar den mest fantastiske doble, regnbogen eg har sett. Berre himmelsk jubelbrus og fanfarar manglar. Det er jaggu meg kjekt å få slik ei løn for strevet! Sjølsagt stod kamera framme på baugen så eg fekk ikkje tatt bilde sjølv, men Mildrid har teke nokre flotte.

Etter lunsj på stranda er det klart for klatresiloen i Ulsteinvik. Therese er hyrt inn som instruktør og gir eit lite lynkurs i sikring og slikt, før ungane får prøve seg. Sjølsagt fyk dei til tops på ein blunk som om dei aldri har gjort noko anna. Mildrid kostar støv av gamle kunstar og kjem seg til tops ho med- dog ikkje like fort som dei små. Min tur. Grunna kneet er kondisen på eit lågmål. Ikkje har eg klatra før heller. Men eg kjem meg opp eg og! Ny siger! Vi kosar oss glugg ihjel både store og små, men etter 4 timar er det blitt kvelden og på tid å fare heim.

Konseptet rulle- og klatretrening med ungar er herved etablert og klar for gjentaking ved høve. Om ikkje så lenge vonar eg……







Ego tar novemberrulla


video

Mildrid demostrerer etpar tre grønlandsruller


video

2 kommentarer:

  1. Fine bilder, og fint ansiktsutrykk under rullingen. Ser litt kaldt ut:)

    Hilsen fra Senja
    Frode

    SvarSlett
    Svar
    1. Neppe så kaldt som på Senja. Men det går bedre i år en i fjor mtp det kalde vannet. Klarte å la vær å lire av meg diverse saftige uttrykk denne gangen…..

      Slett