GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

22. oktober 2013

Husmorpadling

Mildrid og eg har endeleg klart å ordne oss med barnevakt samstundes, så då er det berre å hive seg rundt og pakke kajakkane med telt og spetakkel. Å få plass til alt i kajakken er ei utfordring. Det gjekk med eit nødskrik og her er heilt klart forbetringspotensiale i pakketeknikk.

Frå Ulsteinvik sentrum padla vi innover mot Straumane. I eit infall av reint overmot sjekka vi ikkje tidevannstabellen - vi fekk heller ta tidevannsstraumen som han kom- det kan no ikkje vere so gale? Jau- det kan det. Maks fjære = maks straum. Og maks straum er tungt. Medan vi venta på betre tider nytta vi høvet til å leike oss litte granne. Padle litt oppover og på skrå inn i straumen til vatnet tek tak i baugen, og så lene seg medstraums på eit høgt støttetak. Juhuuu kor det svingar! Slik heldt vi det gåande ein times tid. Ikkje teikn til at straumen vart mindre. Klokka er fem og vi har ikkje meir enn tida og vegen før det vert mørkt. Vi gjer eit forsøk og kjem oss opp i Garsholhølen med eit nødskrik. Pinadø!

Garsholhølen er laga slik at på fjøre sjø renn det ut i både endar. Då skulle ein jo tru at det berre var å padle i unnabakke på motsatt side, men så enkelt var det ikkje. Nei, her er det berre å stige ut av kajakken og dra han fram. Her leikar vi ikkje ekspedisjon! Vi kjem fram til Kvitøya i skymninga og rekk å sette opp teltet før det vert mørkt. Mat og bålkos i skinnet frå fullmånen og så tidleg i seng.









Månen er framleis oppe når vi vaknar etter ei heller kald natt. Teltet er nedrima og bakken er frossen. Som sagt- vi leikar ikkje ekspedisjon, her er det på ordentleg! Men det er rett triveleg når sola om litt varmar i kropp og sjel, medan vi nyt frukost og bålkos.

Målet for dagen er å padle på vestsida av Dimna og nordover før vi rundar Vattøya og så heim att. Sjøen er speilblank og eg droppar reisesjuketablettane. Når vi er halvvegs mot Dimnaneset skjønar eg at det er ei tabbe. Dønningane veks og vi ser det bryt ute mot horisonten. Ved Hatløya skjønar eg at dette kan verte ei utfordring- ikkje fordi eg ikkje er i stand til å padle i slike dønninga på vel ein meter, men fordi eg veit eg brått kan verte sjøsjuk. Plan B vert gjort klar: vi går i land å Byholmane om eg ikkj klarer meir. Men det går fint. Eg klarer meg heilt greitt til vi har runda Vattøya, sjøl med litt flåteligging (pyton for oss sjøsjuke i bølger) og bytting av åre. Men eg er glad bølgepadlinga er over og vi kan lunsje litt.

Turen inn att er rein transportetappe. Litt kjedeleg og eg er litt sliten. Men kult å padle tett innpå Ulstein Verft og sjå båtdelane ligge på land. Etter 24 timer er husmorferien over for denne gang og planen er klar- det må no verte fleire slike husmorferiar framover!

Turen vart på 28,5 km totalt 













9 kommentarer:

  1. Å det så herlig ut, flotte bilder og herlig blanding av nytt og gammelt, naturlig og mekanisk.
    Heldig med været også så det ut som.

    SvarSlett
  2. Ser ut som dere har hatt full uttelling på denne turen. Ser bare herlig ut:-). Ann

    SvarSlett
  3. Imponert. Rim på teltet og greier. Flotte bilder, nesten i nærheten av å få meg til å vurdere tanken om telting såpass seinhøstes.

    SvarSlett
  4. Artig turskildring og flotte bilete. Litt kjedeleg å vere plaga med sjøsjuke. Men det kan kome hos alle viss dagsfomen er sånn under middels. Rolege dønningar er det verste..:-/

    SvarSlett
    Svar
    1. Her snakkar vi om sjøsjuke/reisesjuke på høgt nivå. Av typen bli bilsjuk når eg kjøyrer sjøl, eller å verte sjøsjuk ombord på Hurtigruta når ho ligg t kai.........Men eg klarar meg betre og betre i kajakk, og dårligare og dårligare i alle andre farkostar. Eg veit ikkj heilt om eg skal le eller grine av slikt..

      Slett
  5. Veldig flotte bilder. Så herlig med teltur på denne årstiden da, så lenge man holder varmen :)

    SvarSlett
  6. Takk for det! Det blei litt kaldt ja, men med dunsovepose, fòret jervenduk, to lag ull, boblejakke og lue (!!) sovnet jeg til slutt :)

    SvarSlett
  7. Flotte bilder! Gleder meg til vi får timet barnevakt og vær for telttur fra kajakk. God inspirasjon å lese slike innlegg!

    SvarSlett
  8. Takk for det! Ja småbansperioden er slitsom og begrenser egen mulighet for utfart. Trøsten er at det går over…..

    SvarSlett