GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

7. august 2013

Reindalseter, 710 moh

Vi startar ved Zakariasdammen og følger stien langsmed vatnet som stortsett er meir eller mindre lettgått ur. Så bers det til værs med ujamne mellomrom til vi er framme etter ca 3,5 timar. 3 rettars middag med kake og kaffi kompenserer for slitet, litt rekognosering rundt på tunet og så er det kveld. 

Dag to. Far er på heimebane og vil gjerne vise fram Reindalen. Første post er Jacobsaga- som er ei gammal sag (sjølsagt...) som er forsøkt teken vare på. Undervegs peiker og fortel han om alle turene han har hatt her til eit publikum som kanskje var meir opptekne av å ete blåbær...Sjokoladepause, studering av saga og så vidare til neste sag før attende til hytta. 

Etter litt vaffeleting nede var det på tide å teste badeplassen til far: Klokkstammen (men betjeninga på hytta kalte den bare for kokkedusjen). Hyl og spetakkel, grunna kaldt vatn, men det var visst moro lell. Neste post er båt- og fisketur. Til alt hell fann eg meg ein kajakk eg kunne låne, og etter først å ha fiksa litt på ror og pedaler til inga nytte, var det å leggja ut på. Riktig nok i ein Hasle Excursion, med ei vel lang åre (220), og i noko uvant padlehabitt (fjellbukse og regnjakke, og fjellskoa trygt i båten) oppe på fjellet ( finn 5 feil.....), men men. Ein fin tur ut på Langvatnet vart det.

Dagen vart avslutta med ein ny treretters og kake + kaffi så om du trur slike turar er bra for vekta tek du feil!! Når ein sitt og drikk kaffe og skuffar innpå kaker kjem ein jo i prat med forskjellig slags folk. Men eg rekna vel ikkje akkurat med å treffe folk eg er i familie/slekt med her. Men det gjorde eg no, og ei rett hyggjeleg dame var det og!

Vår første "ordentlege" tur til ei turistforeningshytte dette, og om du spør alle bortsett frå tenåringen, freistar det absolutt til gjentaking. Men før den tid bør eg nok komme meg i betre form........

















1 kommentar:

  1. Nå fikk jeg lyst på en fjelltur, og da gjerne med kajakk også. Flotte bilder.

    SvarSlett