GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

12. juli 2013

Bølgeleik på Vigra


Mykje vil ha meir, og etter surfeøkta på Alnes er det eg som vil ha meir! Kva gjer ein med det? Jau, ein trommar saman kompetente folk til nok ei surfeøkt på Alnes. Men dei som er mei røynde enn meg i å studere vind og bølgeretning foreslår Vigra istaden- og då vert det Vigra. Mildrid er og klar for ei utfordring i kajakken etter ferien, og kjem heilt frå "søre luten" (Søre Sunnmøre) for å bli med.

Karane finn eit brott som er passelig å byrje med. Eg er ikkje like glad i å skure berg som å surfe inn på ei strand, så Stein Erik tar ein runde med meg på korleis ein skal vurdere forhalda og kva som kan vere farleg. Eg er litt pinglete i byrjinga, men det tek seg opp ettersom eg litar meir og meir på meg sjøv. Utrulig kjekt å komme seg gjennom brott på rett kjøl! Rune er ikkje like heldig. Han har ikkje padla så himla lenge, men kastar seg fryklaust ut i det- og går rundt. Og slik held han det gående ei god stund. Fordelene med slike som han er at slike som meg får nokon å trene redning i brott på. Ein vinn-vinn situasjon altså, og det gjekk tilogmed greitt!

Litt skuffa er eg sjølsagt over at det ikkje vart Alnes, men det var heilt til karane såg seg ut eit brott ytterst ute mot den ytterste nøgne ø- kan det ha vore utforbi Hildreøyane? Tre brott ikkje langt frå kvarandre- dei såg rimlig store ut frå langt hald. "Det er no ikkje sikkert dei er så store likevel", meinte Stein Erik - "vi tek ein kikk".

Dei var store. Ordentleg stooooore! Ok då, sikkert ikkje sååååå store, men etter min målestokk var dei det. Samling og litt prat om sikkerheit først, kva gjer vi om kajakken knekk (kjekt med trøst....), ingen tek unødige sjansar her (altså ikkje surfe eller på anna vis få brottet i haudet) - vi er langt frå land, meeeeen det er no ein holme rett bak her vi kan gå i land på om noko skjer. "Her padlar vi berre mellom brotta. Forstått?" Stein Erik er klar og tydeleg. Han sikta seg inn mellom to av brotta og eg heng meg på. Her vil eg ikkje være åleine.

Nokre få padletak etter er det som å padle mellom Sunnmørsalpane. Bølgetoppar over alt, frå alle kantar- og då meiner eg alle kantar. Her må ein følgje med på kor brotta er til ei kvar tid, ha auge i nakken og og lause hofter. Dette er kuuuuuult og overgår det meste av bølger eg har vore borti før. Adrenalinet bruser i årene og eg vert heilt rusa. Etterkvart som eg vert fortruleg med bølgene storkosar eg meg. Bortsett frå sjølve brotta er det ingen andre stader der bølgene bryt - og då er det greitt. Eg tek meg fram og attende mellom brotta åleine, vurderer, lærer mykje og kjenner at eg har kontroll på kajakken, meg sjølv og kor dei andre er til ei kvar tid.

Men alt har ein ende, og når eg kjenner sjøsjuka kjem snikande (som vanleg) signaliserer eg samling (åra opp)- og jaggu meg kjem dei ikkje alle mann. Vi legg kursen inn mot land, men det går liksom ikkje å padle forbi eit brott, så vi måtte leike oss litt på veg innover (forøvrig same brottet eg hadde mi surfedebut på) før vi set kursen mot eit såkalla pauseskjær. Det er utrulig kor mangen kajakker det er plass til på eit sånt skjær når ein er litt sliten og treng.... eh pause.

Ingen bilete frå dei stoooooore bølgene denne gongen- eg hadde nok med meg sjølv, men litt frå dei mindre bølgene og ein aldri så liten filmsnutt som Mildrid filma i dei snille brotta.

Takk for fantastisk flott tur og kjekt turfølge
-utrulig kjekt med slike padlekompisar!








Note to self
Ha alltid med niste og varmt å drikke når du 
er på tur med Kenneth og Jason.
Alltid.

2 kommentarer:

  1. Det så veldig kjekt ut, fin liten videosnutt også.

    SvarSlett
  2. Superkjekt var det! Men eg ve ha ein sånn derre GoPro!

    SvarSlett