GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

17. juni 2013

Sommar på Flø

Det er laurdag og Mildrid meinte det var på tide med ei rulleøkt, men både ho og eg måtte ha med oss kvar vår gjeng med unge, håpefulle. Sidan meldingan var gode satsa vi på grilling, rulling og bading i havna på Flø - og nok tidtrøyte til dei unge slik at mødrene fekk bløyte seg.

Nå ja. Dei unge ville prøve og. So vart dei sultne og måtte ha litt å ete. Og slik gjekk no timane. Det vart ikkje mykje tid til sommarleg "photo shoots" på stranda. Eller rulling for den del.

Men vi fekk no rulla oss litt likevel. Ikkje at eg fekk det til i dag- ikkje i det heile. Eit par gode rullar, nokre mindre gode, og ein heil del bom. Fattar ikkje kva som har skjedd, men noko er det. Og det må rettast på fortast råd er. Ikkje vart det noko dreis over tømming av kajakk eller eigenredning heller.

Herlege timar på Flø med sommarsol, kajakk og grilling fauk avgarde. Etterkvart kom Lidun tuslandes og det vart nokre timar i naustveggen og.

Ein heil dag på Flø. Reine balsam for sjela det.








4 kommentarer:

  1. Vakkert på Flø. Har aldri padla der, men sugd til meg havstemninga..

    SvarSlett
  2. Ja, det er vakkert på Flø. Og dei dagane du ligg inne i ei roleg og beskytta havn mens havet brølar inn mot opninga i moloen, ja då kjenner ein at naturen her ute er mektig.Men det er no berre å ta seg ein tur-utleigehytter er det her og greier :)

    SvarSlett
  3. -Ett herlig liv- Slik ser det hvertfall ut :) Ha en fin sankthans-helg!

    SvarSlett
  4. Takk for d og du med :)

    SvarSlett