GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

9. juni 2013

5 minutt til mor

Eller skal vi seie nokre timar. I rotete sjø, dønningar og brott bak Molnesfjellet i lag med gutane. Aldri har eg vore ute i så krevjande forhald før sjøl om dette var barnemat for dei andre.

Det vart ein del ufrivillig bading, men det må ein vel rekne med når en tøyere grensene. Og ein god del sigrar når eg klarte å halde meg på rett kjøl når det braut over dekk og eg verkeleg fekk kjenne på naturkreftene. Rulla vart testa i litt bølger, men ikkje på "ordentelg". Ein suksess og ein bom, men eg var hårfint frå å greie den og dessutan var bølgene litt større.

Så måtte eg gje meg- sliten, gjennomvåt og sjøsjuk, men kva gjer vel det når eg fekk mi lille fristund?







Dagens læring:

Det er ikkje lett å ta bilete i rotete sjø i nærleik av brott
Sjøen er framleis kald når ein må ligge uti ei stund og det vert mykje bading
Tørrdrakt er ikkje det same som at ein held seg tørr
Ta med ekstra truseskift også, ikkje berre trøye og longs
Øving gjer meister :)

2 kommentarer:

  1. Mange fine bilder i bloggen din. Nå angrer jeg på at jeg solgte kajakkene...

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha- det forstår jeg godt!! På den annen side får man ikke tid til alt, og jeg ser at det er vanskeligere å bedrive turliv med barn og kajakk enn med barn til fots. Når Dina blir litt større sender du henne imidlertid på grunnkurs ung (havkajakk) mens du tar et aktivitetslederkurs, og vips så var den saken løst:) Hos oss er det bare kajakk til ungene som mangler og mor sitt behov for alenetid (i kajakk) som står i veien for å ta ungene med til havs....hmm, dårlig gjort av meg egentlig....

      Slett