GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

30. desember 2013

Ruskevær, rulling, grilling og litt klatring

5 1/2 voksne damer, 6 unger, 4 kajakkar, grillpølser, bål, klatresaker og en hel dag til disposisjon- det må bare bli bra! Litt ruskete og småkaldt, men kjekt fordiom. Rulla satt om formen ikke var på topp. Klatreveggen derimot var tyngre enn sist grunna diverse julemat……. Og det var vel strengt tatt ikke veggen som var blitt tyngre...

Men kjekt var det både for store og små :)


 

 



En liten filmsnutt til slutt. Ikke fordi rulla er blitt så mye mer elegant,
men sjekk hvor effektiv jeg er blitt når det gjelder å blåse vatnnet ut av nesa da!
For en refleks!!(og så lite damete da…..)


video

25. desember 2013

Alnes

Vi har storfint besøk fra Finnmark i jula, og med all vinden som har vært i det siste var det klart at turen måtte gå til Alnes. Bølger er alltid morsomt, men duverden så vanskelig å fange på film. Herlig å være ute, og herlig å se blå himmel igjen- det har i grunn vært lite av begge deler i høst…..

Men nå vil jeg ha SNØ og ikke fullt så mye vind.
Det er jo lov å håpe...






23. desember 2013

Julerull


Eg har vore på juleavslutning meg her og juleavslutning meg der, pynta, baka, kjørt ungar hit og dit, skreve kort, vore på posten, handla juletre, handla gåver…….Lista er lang  og batteriet er flatt. Berre ein ting å gjere- sette seg på lading i ein kajakk nokre timar!

Mildrid er med på notene sjølomatte det pissregnar/sluddar og mykje enno er ugjort på heimebane. Eg får låne meg både ein Tahe Greenlander og ein tuilik hos Mildrid. Spenninga stig eit partre hakk- lenge sidan eg har rulla med med både grønlandsåre og 
-båt no.

Første rulla er rusten, men eg får poeng for å berge den med å sculle meg opp! Og så fell det berre på plass. Såpass greitt går det at eg har lyst til å prøve meg på ei Shotgunrulle. Spørsmålet er berre om Mildrid skal prioritere å filme hendinga, eller være klar for eskimoredning? Det vert film. Og jammen får eg det til og! Ny kajakk og tuilliq er dermed ført opp på ønskelista. Vi plaskar på med nokre ruller til før vi gir oss. Eg noterer meg at kaldt vatn ikkje er like kaldt lengre, at tuilik er varmt og godt- såpass at eg kom heilt ut av tellinga på antal ruller. 

Vellukka tur mao, og batteria er igjen fullada (nesten då….)

Og Julerull-The Movie kan de sjå på Mildrid sin blogg

GOD JUL!







10. november 2013

Rulle og klatretur til Ulsteinvik

Mellomste har nett fylt år og er den av avkommet med størst potensiale til å verte glad i turlivet. Kva er vel då ei betre gåve enn ein heil dag i lag med mor med uteliv og klatring i lag med likesinna? Så eg allierer meg med Mildrid for ei aldri så lita rulleøkt på Osnessanden tidleg ein laurdag morgon, medan kvart vårt avkom vert sett på sjølstyr med bøtter og spann og lovnad om real turmat, kakao og klatring etterpå.

Med ymse rulleresultat frå tidligare i sommar i bakhaudet, gjer eg meg klar. Eg tek eit djupt andedrag, går rundt- og skvett opp att som ein kork! What? Ein gong til leikande lett. Kunstpause for å få att temperaturen i pannebrasken og eit par til. Det går så det griner. Eg jublar i det sola bryt igjennom og lagar den mest fantastiske doble, regnbogen eg har sett. Berre himmelsk jubelbrus og fanfarar manglar. Det er jaggu meg kjekt å få slik ei løn for strevet! Sjølsagt stod kamera framme på baugen så eg fekk ikkje tatt bilde sjølv, men Mildrid har teke nokre flotte.

Etter lunsj på stranda er det klart for klatresiloen i Ulsteinvik. Therese er hyrt inn som instruktør og gir eit lite lynkurs i sikring og slikt, før ungane får prøve seg. Sjølsagt fyk dei til tops på ein blunk som om dei aldri har gjort noko anna. Mildrid kostar støv av gamle kunstar og kjem seg til tops ho med- dog ikkje like fort som dei små. Min tur. Grunna kneet er kondisen på eit lågmål. Ikkje har eg klatra før heller. Men eg kjem meg opp eg og! Ny siger! Vi kosar oss glugg ihjel både store og små, men etter 4 timar er det blitt kvelden og på tid å fare heim.

Konseptet rulle- og klatretrening med ungar er herved etablert og klar for gjentaking ved høve. Om ikkje så lenge vonar eg……







Ego tar novemberrulla


video

Mildrid demostrerer etpar tre grønlandsruller


video

22. oktober 2013

Husmorpadling

Mildrid og eg har endeleg klart å ordne oss med barnevakt samstundes, så då er det berre å hive seg rundt og pakke kajakkane med telt og spetakkel. Å få plass til alt i kajakken er ei utfordring. Det gjekk med eit nødskrik og her er heilt klart forbetringspotensiale i pakketeknikk.

Frå Ulsteinvik sentrum padla vi innover mot Straumane. I eit infall av reint overmot sjekka vi ikkje tidevannstabellen - vi fekk heller ta tidevannsstraumen som han kom- det kan no ikkje vere so gale? Jau- det kan det. Maks fjære = maks straum. Og maks straum er tungt. Medan vi venta på betre tider nytta vi høvet til å leike oss litte granne. Padle litt oppover og på skrå inn i straumen til vatnet tek tak i baugen, og så lene seg medstraums på eit høgt støttetak. Juhuuu kor det svingar! Slik heldt vi det gåande ein times tid. Ikkje teikn til at straumen vart mindre. Klokka er fem og vi har ikkje meir enn tida og vegen før det vert mørkt. Vi gjer eit forsøk og kjem oss opp i Garsholhølen med eit nødskrik. Pinadø!

Garsholhølen er laga slik at på fjøre sjø renn det ut i både endar. Då skulle ein jo tru at det berre var å padle i unnabakke på motsatt side, men så enkelt var det ikkje. Nei, her er det berre å stige ut av kajakken og dra han fram. Her leikar vi ikkje ekspedisjon! Vi kjem fram til Kvitøya i skymninga og rekk å sette opp teltet før det vert mørkt. Mat og bålkos i skinnet frå fullmånen og så tidleg i seng.









Månen er framleis oppe når vi vaknar etter ei heller kald natt. Teltet er nedrima og bakken er frossen. Som sagt- vi leikar ikkje ekspedisjon, her er det på ordentleg! Men det er rett triveleg når sola om litt varmar i kropp og sjel, medan vi nyt frukost og bålkos.

Målet for dagen er å padle på vestsida av Dimna og nordover før vi rundar Vattøya og så heim att. Sjøen er speilblank og eg droppar reisesjuketablettane. Når vi er halvvegs mot Dimnaneset skjønar eg at det er ei tabbe. Dønningane veks og vi ser det bryt ute mot horisonten. Ved Hatløya skjønar eg at dette kan verte ei utfordring- ikkje fordi eg ikkje er i stand til å padle i slike dønninga på vel ein meter, men fordi eg veit eg brått kan verte sjøsjuk. Plan B vert gjort klar: vi går i land å Byholmane om eg ikkj klarer meir. Men det går fint. Eg klarer meg heilt greitt til vi har runda Vattøya, sjøl med litt flåteligging (pyton for oss sjøsjuke i bølger) og bytting av åre. Men eg er glad bølgepadlinga er over og vi kan lunsje litt.

Turen inn att er rein transportetappe. Litt kjedeleg og eg er litt sliten. Men kult å padle tett innpå Ulstein Verft og sjå båtdelane ligge på land. Etter 24 timer er husmorferien over for denne gang og planen er klar- det må no verte fleire slike husmorferiar framover!

Turen vart på 28,5 km totalt