GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

24. september 2012

Klosterliv og padling i Selje

Uvant som eg er med teltliv, var det med ei viss penning eg takka ja til å bli med Lene, Trude og Nina på padletur til Selje. Ute ved havgapet du veit, i nærleiken av Stadt der det aldri er vindstille og båtar gjeng ned støtt. Men sidan vermeldingane var gode, turkammeratane kjekke og til å stole på, lot eg det stå til.

Første etappe gjekk frå Selje sentrum ut til SELJA, der den vakre og fromme Sunniva frå Irland dreiv i land ein gong mot slutten av 900-talet. Ho var ikkje nett hugen på å gifte seg med ein heller vill Vikingkonge, og flykta med følget sitt frå Irland i båt utan segl og ror og satte sin lit til Vårherre. Dei havna til slutt på øya Selja og gøymde seg der for dei lokale heidningane i holer i fjellet. Og for å gjere ei lang historie kort var dette etter ein del tilfeldige omstendigheiter altså byrjinga på kristninga av Noreg. So gale kan det altså gå når det kjem ein Ire drivande i ein båt utan ror og segl....

Kyrkja og klosterruinane står der i dag som eit ekko frå fortida. Eg vil ikkje kalle staden vakker, eller det vil seie, den er vakker på ein spesiell måte, dyster og full av mystikk og dramatikk, særleg når ein veit litt om historia bak. Det er bratt, skrint og unnasolt - ikkje lett å forestill seg korleis folk kunne livberge seg der ute som vinden alltid bles.

I allefall nesten alltid. Etter klostervandring og besøk oppe i Mikaelskyrkja/Salen, for ferda vidare ut i til Silda, vidare bort til Ulvesundfyr, forbi Osmundvågen og til slutt ny telting på Venøya. Litt bølger og noko vind, men absolutt ikkje så fryktinngytande som området er kjent for. Haudet derimot ville ikkje heilt spele på lag, så eg måtte tidelg til køys med dundrande haudeverk UTAN ein gong å få smakt på ankerdrammen.
Neste dag var returen forbi Barmen tilbake til Selja på eit BLIKKSTILLE hav! Nesten ikkje til å tru. Ein flott tur (minus haudeverk då) med fantastiske vérforhald. Då gjer det ikkje så mykje om ein kolvar attmed brygga i forsøk på ilandstiging, medan alle som befinn seg i Selje sentrum står og ser på..........







 















4 kommentarer:

  1. For en herlig tur:) Flotte bilder Sygni:) brukt 60D eller ditt vanntette?

    Jill:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det- tar villig vekk imot skryt jeg :) Litt uvant med teltliv kjenner jeg, kan hente endel på pakking og dilling, hehe.

      Kamera: Både og. Har brukt 60D på land, altfor dyrt å ødelegge m saltvatn. Ang 7D: tyngre- vanskeligere m etthåndsgrep, støv/sand/støt/vann sikrere, men overhode ikke vanntett- dessuten må du ha disse dyre linsene til om d skal være noe poeng. Raskere enn 60D, men mener oppløsning/lysstyrke er den samme.

      Slett
    2. :) for dyre kamera til kajakk. Har hatt med tre ganger og alle tre gangene i den mest vanntette posen jeg har:) Men blir for mye styr å drasse det frem. Har testet ut 3 større Nikon kamera. Men føler jeg sitter å venter på 6D, eller var det D6 Canon. Skal ta meg god tid denne gang.

      Nydelig tur igjen ser jeg! HJERTESUKK! må snart komme meg ut på en tur jeg også igjen:)) Utrolig flotte bilder iallefall ( mer skryt) :))

      Fine høstdager til deg:)) tjohei:)

      Slett