GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

30. september 2012

Åretesting og tur rundt Eika

Med meir padleerfaring kjem erkjennelsen av at utstyret har betydning. Eg har lenge krangla med Shuna-åra mi, og har hatt ein gryade mistanke om at misnøyen skuldast at ho er for lang for meg. Difor tok eg turen ut til Herøy for ørtande gong denne padlesesongen for å prøve ut Mildrid si åre som er 5 cm kortare enn mi, og dessutan har bent shaft (BS). 

Mildrid hadde tromma saman til klubbtur rundt Eika via Yksnøya. Å padle rundt Eika var ei rett moro oppleving. Ikkje fordi det er så gysla meir imponerande natur der enn ellers på Sunnmøre, men fordi det her møtes fire ulike fjordar - Vartdalsfjorde, Ørstafjorden, Voldsfjorden og Rovdefjorde. Dette gjer at straumforhalda kjennes noko underleg i ein kajakk. På overflata såg det stille og tilforlateleg ut, men kajakken dansa hit og dit! Ganske moro eigentleg, men eg kan tenkje meg at når det bles og sjøen i tillegg er grov, kan det nok verte utfordrande så det held. 

Rundt Eika fekk eg rikeleg høve til å teste ut åra til Mildrid, der vi snirkla oss attmed land. No trudde eg ikkje eigentleg at skarve 5 cm skulle ha veldig stor betydning, men der tok eg skammeleg feil. For det første vart det mykje lettare med styre- og hengetak - eg "snubla" ikkje i åra på same måten som med mi eiga. Det andre eg noterte meg var kor mykje stillare ho gjekk i sjøen, og kor mykje mindre motstand ho gav. Med mi eiga åra dreg eg med mykje luft, og ei lengre åre vil ved høg åreføring (som Shunaen er berekna for) nok og stikke djupare i sjøen, og dermed vert det tyngre (trur no eg då..). Og dermed vart også belastninga på skuldrene mindre. Hadde eg ikkje visst betre ville eg ikkje trudd det var same type åre. Altså er det ikkje berre storleiken på sjølve årebladet som er av betydning, men og lengda. Rulla derimot fekk eg ikkje til denne gongen, Bent Shaft eller ei. Det er for lenge sidan eg forsøkte sist (og då fekk eg det til!) så då er det dette berømmelege steget bakover igjen- likar IKKJE.

Bålkos i fjøra med ein udsedvanleg triveleg gjeng kompenserte for rullenederlaget og det var heller ikkje feil at fullmånen helste oss god kveld når vi kom attende til bilane. Takk for ein triveleg tur - vi sjåast!














4 kommentarer:

  1. Lengde har litt å si, ja. Jeg har oppdaget at begge mine er for lange - heldigvis går den ene an å korte ned. Det vil nok medføre at den andre virker enda lenger, men...

    Fint å få prøvd andre sine, sånn at man finner ut hva man foretrekker. :)

    SvarSlett
  2. Hva er vel tur uten bål og solnedganger! Utrolig!

    SvarSlett
  3. Svar
    1. Takk for d, Stefan- hyggelig du stakk innom! Sunnmøre har mye å by på når d gjelder padling og fine motiv ;)

      Slett