GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

12. august 2012

Rull og redning i Norddal

"Norddal" og "kajakk" heng ikkje eigentleg naturleg i hop, men eg har forbant meg på at eg skal klare både rulle og cowboyrdning i sjøen før skisesongen tek til att. Familien skulle likevel en tur innover, og må man så må man.

Det er laurdag og eldstemann vert utstyrt med bikini og kamera, medan mor rigga seg til med tørrdrakt samt to lag ull, på ein av dei få sommardagene hittil i år der véret har sagt "shorts". Tømming av kajakk begynner å gå greitt, eg må berre innsjå at eg må under vatn med haudet for å få det til. I motsetnad til på Blimsanden var sjøen speilblank, så eg fekk faktisk til ei ordentleg cowboyredning. Vidare elegant var ho ikkje, heller ikkje spesielt rask, men eg fekk ho til. Mengdetrening er nok løysinga her som alle andre stader i livet.

Rulla er eit kapittel for seg. Eg veit eg kan det , men får det ikkje til. Kvalm vart eg og av alt kaldvatnet i øyret. Juksar eg med forlenga grep på åra går det med eit nødskrik. Av og til. "Yoga" på stovegolvet for meir fleksibilitet i låra om kvelden i rein desperasjon.

Søndag- sola skin fortsatt, på med ull og tørrdrakt nok ein gong (rein idioti spør du meg)- eg gir meg ALDRI! Ny angrepsvinkel på cowboyredninga and here we go. Og det gjekk! Pinadø! Ein gong til, og endå ein gong osb. Rett nok var det ikkje ei krusning på havet, men eg fekk det trass alt til. Øvelse gjer altså meiser, men prosessen har vore ei god påminning om at teknikk i kajakk er ferskvare. Ikkje tru du kan det sjølv om du fekk det til ein gong eller to på grunnkurset. Herved notert.

No var eg i siget, så då måtte eg jo sjølvsagt prøve meg på rulla. For å gjere historia kort: det er ikkje noko vidare å fortelje om. Ørlittegranne forbetring frå i går, men her er det berre å jobbe vidare. Men så lenge eg fekk til cowboyredninga skal eg vel seie meg fornøgd!



Med elva rett utom huset er det i allefal lett å skylle utstyret.

3 kommentarer:

  1. Herlig:)) Jeg må bare får rive meg rundt å være med engang:)))

    Forsatt fin sommer:))

    SvarSlett
  2. Stå på! Dette får du til! Likar skyllinga. :o)

    SvarSlett