GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

6. august 2012

Molladalen

Første helg i august og tid for Toppturhelg att. Vi er så heldige å få lov til å bli med Audhild og Tomod til Standalhytta to ganger i året, der dei samlar saman vener og kjenningar, store og små til ei fantastisk helg med turer og mykje god mat. Og no var det tid for mammaene til å få seg ein tur heilt ÅLEINE!

Om Molladalen "stend d i bokji" at den rett nok er vakker når sola skin, men er om mogeleg endå meir fantastisk når skodda får danse mellom pinakklane. Og skodde fekk vi. Frå vi starta ved Erdal og til vi passerte Molladalsporten. Ein augneblink såg det ut til at skodda skulle lette på kjolen såpass at vi fekk sjå heile herligheita, men nei. Vi fekk nøye oss med å sjå litt oppunder serken - og for eit syn! Syl på syl bortetter og endå skulle det vere meir av godsakene inne i skoddeheimen. Turen gjekk vidare oppover til Molladalskaret. Her forsvann stien for oss og vi fortsette nedover bratt ur og sleipe grasbakkar med litt knall og fall ned mot Høgevatnet der vi fann han att. Og så var det å halde ut mjølkesyra i låra til vi var vel nede ved Ytre Standal.

Eg tok ikkje med meg speilrefleksen denne gongen - regn og dårleg kondis avgjorde saken, så bileta yt ikkje rettferd til den vakre naturen der inne. Og eg veit sanneleg ikkje om eg hadde klart å fange den magiske opplevinga i eit bilete likevel. Ein slik tur sett seg fast i minnet og kan hentast fram att kor tid som helst!











2 kommentarer:

  1. Flott blogg! Gler meg til å følgje med vidare. Molladalen står på ønskelista her og.

    SvarSlett
  2. Takkar og bukkar. Kjenner det tek litt tid å finne "formen", og alle intillingane!!

    SvarSlett